Semesters
GL1-7MAT2B-D Matematikk 2B - deltid
Matematikk 1A (GL1-7MAT1A) og Matematikk 1B (GL1-7MAT1B) eller tilsvarande.
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. Tema i emnet er mellom anna bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning med døme henta frå geometri, tallære, funksjonslære, algebra og statistikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har undervisningskunnskap i og om matematisk teoridanning knytt til den systematiske oppbygginga av matematiske emne, blant anna plangeometri og talteori
- har kunnskap om korleis kunnskap i matematikk vert utvikla gjennom undersøkingar og eksperiment og påfølgjande bevisføring
- har kunnskap om ulike type matematiske bevis, argumentasjonsformer og modellar blant anna i algebra, funksjonslære og statistikk.
Studenten
- kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
- kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
Studenten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Delar av undervisninga blir gitt som nettundervisning i Adobe Connect (undervisning i sanntid).
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane; det gjeld òg når desse er nettbaserte.
Arbeidskrav:
Tre innleveringsoppgåver.
Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Teacher Qualification for 1.-7. grade
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |