Semesters

GL1-7MAT2B Matematikk 2B (1-7)

Course code: 
GL1-7MAT2B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Spring
Assessment semester: 
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Matematikk 1A (GL1-7MAT1A) og Matematikk 1B (GL1-7MAT1B) eller tilsvarande.

Course content

Emnet utgjer, saman med Matematikk 2A (GL1-7MAT2A), den valbare påbygginga i matematikk i 3. året av studieprogrammet Grunnskulelærarutdanning 1-7. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.Tema i emnet er mellom anna bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning med døme henta frå geometri, tallære, funksjonslære, algebra og statistikk.

Learning outcome

-

Learning outcome knowledge

Studenten

har undervisningskunnskap i og om matematisk teoridanning knytt til den systematiske oppbygginga av matematiske emne, blant anna plangeometri og talteori

  • har kunnskap om korleis kunnskap i matematikk vert utvikla gjennom undersøkingar og eksperiment og påfølgjande bevisføring
  • har kunnskap om ulike type matematiske bevis, argumentasjonsformer og modellar blant anna i algebra, funksjonslære og statistikk.
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Delar av undervisninga kan bli gitt som nettundervisning i Adobe Connect (undervisning i sanntid). Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane; det gjeld òg når desse er nettbaserte.

Assessment requirements

Tre innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
30
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade