Semesters
GL1-7NOR2A Norsk 2A
Norsk 1A (GL1-7NOR1A) og Norsk 1B (GL1-7NOR1B), eller tilsvarande.
I Norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentane følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om norskfaget som dannings- og reiskapsfag og om gjeldande læreplan.
- ha kunnskap om språkleg variasjon i skriftlege og munnlege tekster
- ha kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår, og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- ha inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
Studenten skal:
- kunne tolke og forstå gjeldande læreverk, både i eit reiskaps- og danningsperspektiv
- kunne rettleie elevar i lese- og skriveprosessen, slik at elevane blir kompetente lesarar og skrivarar og får utnytta sitt potensiale
- kunne utnytte eit breitt repertoar av lese- og skrivestrategiar
Studenten skal:
- kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- ha innsikt i norskfaget ut frå forsking og kunne reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
- kunne formidle litteratur og motivere elevane til lesing og skriving
Arbeidsformene varierer mellom undervisning, arbeid i grupper og individuelle arbeid (arbeidskrav).
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.
Arbeidskrav:
Tre skriftlege arbeidskrav av mellom 1500 og 2000 ord
Emne vert sensurer i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, Kapittel 5
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
- Teacher Qualification 1.-7. grade
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Mappa skal innehalde to av dei tre arbeidskrava (1500 ord) der begge målformer må vere representerte. I tillegg skal mappa innehalde ein presentasjonstekst som grunngir utvalet (inntil 800 ord) der målforma er valfri. |