Semesters

GL1-7NOR2B Norsk 2B

Course code: 
GL1-7NOR2B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk 2B
Teaching semester: 
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk 2B
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Norsk 2A (GL1-7NOR2A), eller tilsvarande.

Course content

I Norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna
  • har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte slike i eige tekstarbeid
  • har kunnskap om skrivedidaktikk, og korleis dei best kan motivere og rettleie elevar i skriveprosessen
  • har kunnskapar om språktilhøva i nabolanda våre
Learning outcome skills

 Studenten skal kunne

  • organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • peike på likskapar og ulikskapar mellom språksystemet i Noreg og i nabolanda våre 
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • ha eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • vere ein god lese- og skrivelærar
Working and learning activities

Undervisning, arbeid i grupper og individuelt.

Assessment requirements

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • Gjennomføring av eit didaktisk opplegg med bruk av digitale forteljingar
  • Kunnskapsdeling i eige kollegium med utgangspunkt i det didaktiske opplegget
  • To skriftlege tekstar (om lag 1500 ord) 
  • Ein studietur til Schæffergården, Danmark. Om studenten ikkje har høve til å bli med, må ein levere eit kompenserande arbeidskrav (om lag 1500 ord)  
Evaluation system

Emnet vert sensurert i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kapittel 5

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Pernille Fiskerstrand
Used in other programs
  • Teacher Qualification 1.-7. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
35 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Munnleg eksamen består av ein førebudd presentasjon, og deretter ein fagleg samtale.
Approval signature: 
Anne Øie