Semesters

GL1-7PEL1 Pedagogikk og elevkunnskap 1

Course code: 
GL1-7PEL1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap. Innhaldet i emnet tek føre seg læraren si tilrettelegging for elevane si læring og utvikling, og tek utgangspunkt i fire område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læreplan, læring og undervisning. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt. Studiet gir innsikt i pedagogiske utfordringar knytt til didaktikk og læringsmiljø, klasseleiing, profesjonsetikk og realisering av læreplanintensjonar. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunskap om:

  • læring og læreprosessar og utfordringar i læringsarbeidet 
  • klasseleiing og varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer i skulen
  • samanhengar mellom læraren si leiing av læringsarbeid, utvikling av eit godt læringsmiljø og eit inkluderande læringsfellesskap
  • begynnaropplæring
  • dei grunnleggjande ferdigheitene som basis for læring
  • bruk av digitale verktøy
  • dei sentrale styringsdokumenta som regulerer skulen si verksemd, og om utfordringar som ligg i realiseringa av desse
  • grunnleggjande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
  • systematisk observasjon av elevane sitt læringsarbeid.
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • planleggje, leie, variere og vurdere læringsarbeid
  • leggje til rette for elevane si læring og utvikling av grunnleggjande ferdigheiter
  • forklare samanhengar mellom fagleg innhald, arbeidsmåtar og vurdering
  • reflektere over didaktiske moglegheiter med bruk av IKT
  • gjennomføre læreplananalyse
Learning outcome qualification

Studenten kan:

  • vurdere, rettleie og gi omsorg til den enkelte elev
  • leggje til rette for motivasjon og uthald i læringsarbeidet
  • forstå samanhengar mellom relevant forsking og moglegheiter i pedagogisk praksis. 
Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.

Assessment requirements

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Alle arbeidskrav må vere fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

  • Ei skriftleg gruppeoppgåve basert på observasjon av lærarrolla (maksimum 2000 ord)
  • Ei skriftleg semesterprøve på tre timar.
  • Ein individuell munnleg presentasjon
  • Deltaking i seminar knytt til individuell munnleg presentasjon

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med kapittel 5 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Randi Myklebust
Used in other programs
  • Teacher Qualification 1.-7. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade