Semesters

GL1-7PEL2-D Pedagogikk og elevkunnskap 2

Course code: 
GL1-7PEL2-D
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Pedagogikk og elevkunnskap 2
Teaching semester: 
2015 Autumn
2016 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Pedagogikk og elevkunnskap 2
Assessment semester: 
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet er andre del av faget Pedagogikk og elevkunnskap. Innhaldet i emnet tek føre seg elevmangfaldet og tilrettelegging av læringsprosessar. Det er den lærande eleven som er i sentrum, der kvar elev med sine unike personlege, sosiale og kulturelle føresetnader for læring er ein del av eit fellesskap. Forskingsbasert kunnskap om arbeid med inkluderande og tilpassa opplæring, læring individuelt og i samspel står sentralt. Studiet gir innsikt i pedagogiske utfordringar knytt til elevmangfaldet, der språkleg og kulturell variasjon vert vektlagd. 

Learning outcome

-

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • sosialt, språkleg og kulturelt mangfald i barn- og unge sin oppvekst
  • utvikling og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle samanhengar og om forsking på tilpassa opplæring
  • betydninga av eit godt samarbeid mellom heim og skule
  • barn som skulebegynnarar og deira språk- og omgrepsutvikling
  • læringsstrategiar, metakognitiv forståing og grunnleggande ferdigheiter som verdifull kompetanse for læring
  • elevar med fleirspråkleg og fleirkulturell bakgrunn, mellom anna om samar og nasjonale minoritetar
  • utfordringar og moglegheiter i pedagogisk arbeid med elevar som har særskilde behov for tilrettelagt opplæring
  • kjønnsforskjellar i skulen
  • barn i vanskelege livssituasjonar
  • dei sentrale nasjonale og internasjonale reguleringane som gjeld elevar og deira rettar
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • bruke kunnskapar om barn og unge sin bakgrunn og utvikling og analysere dei pedagogiske konsekvensane dette kan ha for arbeidet i skulen
  • legge til rette for elevane si læring med utgangspunkt i kunnskap om individuelle føresetnader, elevrelasjonar, kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar
  • analysere elevane sine læringsstrategiar og læringsutbytte ved hjelp av ulike former for vurdering og trekke konsekvensar for arbeidet med læringa
  • gjennomføre læringsretta tilbakemelding
  • formulere seg fagleg, både munnleg og skriftleg
Learning outcome qualification

Studenten skal 

  • ha forståing for arbeid med å skape ei tilpassa opplæring i eit inkluderande læringsmiljø
  • ha forståing for dei samansette krav som vert stilt til lærarprofesjonen og betydninga ulike kompetanseområder har for elevane si læring
  • på eit reflektert og fagleg grunnlag kunne vere i dialog med elevane og deira føresette om elevane si faglege, personlege og sosiale læring og utvikling
Working and learning activities

Undervisninga går føre seg på nett og på samlingar ved HVO.Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om studium ved Høgskulen i Volda § 7-3. http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20090305-0289.html#7-3

Assessment requirements
  • Eit transkribert intervju
  • Ei individuell skriftleg oppgåve knytt til temaet tilpassa opplæring, på inntil 2000 ord
  • Ei munnleg framføring og deltaking i seminar
  • Ein skriftleg  teoretisk refleksjonstekst på inntil 1000 ord
  • Ei gruppebasert skriftleg oppgåve knytt til temaet den fleirkulturelle skulen på inntil 3000 ord

Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne ta eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.  

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
60
Used in other programs
  • Teacher Qualification for 1.-7. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade