Semesters

GL1-7PEL3-D Pedagogikk og elevkunnskap 3 - Deltid

Course code: 
GL1-7PEL3-D
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

GL1-7PEL1-D og GL1-7PEL2-D

Course content

Emnet bygger på dei to første emna i PEL-faget i grunnskulelærarutdanninga, og omhandlar skulens oppgåver og funksjon i eit historisk, filosofisk, samfunnsmessig og internasjonalt perspektiv. Dette inneber kunnskap om skulen som organisasjon, profesjonelt utviklingsarbeid og profesjonsetisk medvit.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om

  • skulen som kompleks organisasjon, om skulens rammefaktorar og om styringsstruktur

  • samarbeidet med kommande kollegaer i skulen, elevar, føresette og samarbeidspartnarar utanfor skulen og kva betyding dette har for elevane si læring og utvikling

  • fellesskapet si betyding for elevane sine læringsprosessar

  • korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast

  • sosialt, språkleg og kulturelt mangfald og korleis ein inkluderande skule kan legge til rette for elevar si læring og utvikling

  • overgangen mellom barnehage og skule og mellom barnesteg ungdomssteg

  • korleis skulen kan nyttiggjere seg lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i elevane sine læreprosessar

  • sentrale fasar og strategiar i skulen si historiske utvikling, mellom anna om erfaringar frå den samiske historia, og om skulen og utdanninga sitt mandat og funksjonar til ulike tider i Noreg

  • demokrati, danning og utvikling av identitet, og den betydinga dette har for skulen si verksemd i ei internasjonalisert verd

Learning outcome skills

 Studenten kan

  • kritisk analysere samhandlingar i klasser og grupper av elevar og fatte slutningar som stimulerer elevar si læring

  • planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid i elevgrupper med ulik språkleg, sosial og kulturell bakgrunn

  • analysere og reflektere over skulefaglege spørsmål knytt til elevar med ulik sosial og faglig utvikling

  • stimulere til forståing av demokrati og til demokratisk deltaking og treffe grunngjevne verdival

  • planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingssamtalar

Learning outcome qualification

Studenten

  • kan forstå korleis profesetiske val påverkar elevar sitt læringsarbeid og kan analysere og kommunisere om profesjonsetiske utfordringar både med heimen, kollegaer og andre samarbeidspartnarar

  • kan fremme dialog og gjensidig respekt i læringsfellesskap prega av eit språkleg og kulturelt mangfald

  • har innsikt i lærarrolla si utvikling og dei utfordringar læraren står ovanfor som oppsedar i eit pluralistisk og internasjonalisert samfunn

Working and learning activities

Undervisninga går føre seg på nett og på samlingar ved HVO.

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav: 

  • Individuell skriftleg oppgåve ut frå gitt problemstilling knytt til utfordringar i skulen som organisasjon, på inntil 2500 ord

  • Ein individuell munnleg presentasjon med deltaking i seminar

  • Innlevering av tema for bacheloroppgåva

Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med kapittel 5 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
---
Person in charge: 
Randi Myklebust
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade