Semesters

GL5-10KR1 Kroppsøving 1

Course code: 
GL5-10KR1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Faget kroppsøving for 5.-10. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i grunnskulen frå femte til tiande trinn.

Studiet skal gi studentane relevant kompetanse knytt til treningslære og bevegelseslære. Her vil ein lære om treningsmetoder, treningsprinsipp, basisdugleikar om korleis fysiologiske mekanismar gjer kroppen i stand til å skape kraft og rørsle, ergonomi, fysisk aktivitet, helse og livsstil. Dette skal gi godt grunnlag for rettleiing i fysisk aktivitet, kroppsøving og idrett. I kurset idrett og samfunn vil ein ha fokus på idrettshistorie, idrettssosiologi, sjølvoppfatning og fysisk aktivitet, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper. Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling i aktivitetane orientering, friidrett, kystfriluftsliv, leik og idrettsaktivitetar, praktisk treningslære, turn og generell koordinasjon.

Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. 

Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i kroppsøving.

 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har innsikt i idretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat   
  • har innsikt i tema sjølvoppfatning fysisk aktivitet
  • har grunnleggjande kunnskap om psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper
  • har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet 
  • har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat 
  • har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader 
  • har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr 
  • har kunnskap om idrettsskadar 
  • har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding 
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar  
  • har kunnskap om grunnleggjande ergonomi  
  • har kunnskap om basisdugleikar som er relevant til kroppsøving og idrett 
  • har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk 
  • har grunnleggjande fagdidaktisk kunnskap knytt til dei praktiske aktivitetane/idrettane 
Learning outcome skills

Studenten: 

  • kan sjå på idretten i samfunnet frå eit større samfunnsperspektiv  
  • kan reflektere over idrettshistoriske og idrettssosiologiske problemstillingar  
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppslig læring
  • har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet 
  • kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader 
  • kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett 
  • forstår samanhengen melom muskel og skjelett i rørsle 
  • har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp 
  • har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
  • kan ta seg fram og leggje til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass.
  • kan bruke digitale verktøy i orienteringa både i terrenget og i undervisninga
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan trekke hovudlinjene i norsk idrettshistorie frå ca. år 1000 og fram til i dag  
  • kan gjere greie for idrett som idrettssosiologisk fenomen  
  • kan reflektere over idretten sin plass i samfunnet 
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til organisert idrett, kroppsøving og kroppsleg læring 
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving og i den organiserte idretten 
  • kan tilrettelegge for eit variert og stimulerande rørslemiljø i skule og innan idretten 
  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar og trenar
Working and learning activities

Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Praktisk undervisning vil foregå i sal, ute, på treningssenter, på styrkerom, testlaboratorium og eigna områder i nærområdet. Kystfriluftsliv vert gjennomført på basen vår på Yksnøya.   

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Idrett og samfunn 

Kurs 2: Treningslære 

Kurs 3: Bevegelseslære 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:

Kurs 4: Orientering 

Kurs 5: Leik og idrettsaktivitetar 

Kurs 6: Friidrett 

Kurs 7: Praktisk treningslære 

Kurs 8: Turn og generell koordinasjon 

Kurs 9: Kystfriluftsliv 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8.

Krav om 100% deltaking i kurs 9. 

Arbeidskrav:

  • Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 800-1000 ord 
  • Godkjente praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs   
  • Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 4, 5, 6 og 8
Evaluation system
Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Elisabeth Innselset
Expenses

400 kr

Used in other programs
  • Teacher Qualification 5.-10. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
20-25 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Kurs 1: Idrett og samfunn
Digital examination
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Kurs 2: Treningslære
Digital examination
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Kurs 3: Bevegelseslære
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
3 Days
Pass / fail
Kurs 9: Kystfriluftsliv.
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid.
Approval signature: 
Aud Folkestad