Semesters
GL5-10KR1 Kroppsøving 1
Ingen.
Faget kroppsøving for 5.-10. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i femte til tiande trinn i grunnskulen. Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Dette krev kompetanse i individuell idrett, lagidrett, leik, friidrett, orientering, idrettsaktivitetar, turn, generell koordinasjon, treningslære og kystfriluftsliv og i korleis bruk av ulike rørslemiljø kan bidra til opplæringa. Det vert også lagt vekt på korleis val av innhald og arbeidsmåtar påverkar læringsprosessane og korleis kroppsøving bidreg til eleven si heilheitlege utvikling. Pedagogikken og didaktikken i emnet byggjer på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i kroppsøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett
- har innsikt i tema idrett, kroppsøving og sjølvbilete
- har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat
- har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr
- har kunnskap om idrettsskadar og doping
- har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar
- har kunnskap om grunnleggjande ergonomi
- har kunnskap om basisdugleikar som er relevant til kroppsøving og idrett
- har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
- har grunnleggjande fagdidaktisk kunnskap knytt til dei praktiske aktivitetane/idrettane
- har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
- har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett
- har innsikt i tema idrett, kroppsøving og sjølvbilete
- har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
- har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat
- kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett
- forstår samanhengen melom muskel og skjelett i rørsle
- har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
- kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
- har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
- har grunnleggjande fagdidaktisk kunnskap og refleksjon knytt til dei praktiske aktivitetane/idrettane
- har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Generell kompetanse:
Studenten:
- kan vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving og organisert idrett og kroppsleg læring
- kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i orientering, leik og idrettsaktivitetar, friidrett og kystfriluftsliv, turn, generell koordinasjon og praktisk treningslære
- kan vurdere grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving og i den organiserte idretten
- kan kommunisere om grunnleggande anatomi og bevegelseslære
- kan forstå samanhengen mellom anatomiske og mekaniske element som grunnlag for å vurdere og rettleie elev/utøvar i praktiske aktiviteter
- kan tilrettelegge for eit variert og stimulerande rørslemiljø i skule og innan idretten
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar og trenar
Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, webinar, gruppe- og individuelt arbeid.Praktisk undervisning vil foregå i sal, ute, på treningssenter, på styrkerom, testlaboratorium og eigna områder i nærområdet. Kystfriluftsliv vert gjennomført på basen vår på Yksnøya.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Pedagogikk og samfunn
Kurs 2: Treningslære
Kurs 3: Bevegelseslære
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:
Kurs 4: Orientering
Kurs 5: Leik og idrettsaktivitetar
Kurs 6: Friidrett
Kurs 7: Praktisk treningslære
Kurs 8: Turn og generell koordinasjon
Kurs 9: Kystfriluftsliv
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8.
Krav om 100 % deltaking i kurs 9.
Arbeidskrav:
- Seminarpresentasjon i grupper med respons i kurs 1
- Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 1500-2000 ord
- Skuleovertaking. Eit samarbeid med praksisfeltet. Førebuing, gjennomføring og evaluering av skuleovertaking (16.11.2018). Godkjent refleksjonsnotat på ca. 400 ord
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs
- Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 4, 5, 6 og 8
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
400 kr
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 1: Pedagogikk og samfunn | |||
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Kurs 2: Treningslære | ||
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Kurs 3: Bevegelseslære | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 3 Days | Pass / fail | Kurs 9: Kystfriluftsliv. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. |