Semesters
GL5-10KR2 Kroppsøving 2
Ingen.
Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving frå 5. trinn og ut grunnskulen.
Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.
Studenten skal tileigne seg kunnskap om og erfaring med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 5-10. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Det vert lagt vekt på undervisningskompetanse i idretts- og rørsleaktivitetar, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle rørsleformer i barne- og ungdomskultur. Kunnskap om korleis kroppsøving bidreg til elevane si heilheitlege utvikling, står sentralt.
Fagdidaktikken bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing, helse og rørsleglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart, legitimering og tilknyting til andre skulefag
- har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for elevar
- har kunnskap om undervisningsplanlegging, -gjennomføring og -evaluering i kroppsøving
- har kunnskap om vurdering i kroppsøving
- har kunnskap om idretts- og rørsleaktivitet, friluftsliv, leik, dans og tidsaktuelle rørsleformer i barne og ungdomskultur
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hjå eleven
- har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barne- og ungdomskultur
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer
- kan legge til rette for læringssarbeid som kan femje rørsleglede i leik, nærmiljøaktivitet og varierte rørsleformer
- kan vurdere eleven si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan utvikle og bruke ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre rørsleaktivitetar med tanke på undervisning i kroppsøving
- kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt
- kan vurdere eleven si måloppnåing, grunngi vurderingane og legge til rette for eleven si eigenvurdering
- kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- kan gi symjeopplæring på trinn 5-10 og utføre livbergande førstehjelp og livredning i vatn
- kan inkludere dei grunnleggjande dugleikane i undervisninga på faget sine premissar
Studenten:
- kan drøfte på kva måte kroppsøving bidreg til eleven si allmenndanning
- kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøving
- kan arbeide med kroppsøving og rørsleaktivitet i tverrfagleg perspektiv
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, webinar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner, i sal, i symjebasseng og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Delar av teoretisk og praktisk undervisning vil skje i samarbeid med praksisfeltet.
Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Digitale verktøy vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, studentpresentasjonar, arbeidskrav, undervisning i faget m.m.
Emnet består av:
Kurs 1: Undervisninglære i kroppsøving og idrett
Kurs 2: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:
Kurs 3: Dans
Kurs 4: Ski
Kurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar
Kurs 6: Ballspel
Kurs 7: Symjing, stup og livberging
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 7.
Kurs 6: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Krav om 100 % deltaking i kurs 4 og 5.
Arbeidskrav:
- Kurs 1. Forskings- og utviklingsarbeid knytt til praksisfeltet. Individuell eller gruppevis skriftleg innlevering med omfang på ca. 3000-3500 ord. Individuell/gruppevis respons til læringspartner(ar). Munnleg presentasjon av oppgåva til medstudentar individuelt/gruppevis.
- Kurs 1. Obligatorisk seminar.
Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av ulike rørslemiljø for elevar. Skriftleg innlevering i grupper. Omfang på rapport: ca. 1500 ord.
Kurs 2: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat på ca. 500 ord.
Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 3, 6 og 7.
Godkjent livbergingsprøve i basseng.
Refleksjonsnotat knytt til praksis vedrørande friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Omfang: ca. 1000 ord.
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet .
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
400 kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kurs 1: Undervisningslære i kroppsøving og idrett | ||
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 2: Motorisk læring | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 5 Days | Pass / fail | Kurs 4: Ski. Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking. | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 5 Days | Pass / fail | Kurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking. |