Semesters

GL5-10KRO1 Kroppsøving 1 5-10

Course code: 
GL5-10KRO1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
-
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Kroppsøving 1 5-10
Teaching semester: 
2015 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Kroppsøving 1 5-10
Assessment semester: 
2015 Autumn
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Faget kroppsøving for 5.-10. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i femte til tiande trinn i grunnskulen.Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane sin allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar.Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Dette krev kompetanse i individuell idrett, lagidrett, symjing/livredning, dans og friluftsliv og i korleis bruk av ulike rørslemiljø kan bidra til opplæringa. Det vert også lagt vekt på korleis val av innhald og arbeidsmåtar påverkar læringsprosessane og korleis kroppsøving bidreg til eleven si heilheitlege utvikling.Fagdidaktikken i emnet byggjer på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i emnet.

Learning outcome

KUNNSKAPStudenten-          har kunnskap om kroppsøvingsfaget sin eigenart-          har fagleg og didaktisk kunnskap til å gjere  avvegingar knytt til undervisning og læring i kroppsøving for elevar på trinn 5-10-          har kunnskap i leik, symjing, individuell idrett, lagidrett, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer i barn sin oppvekst-          har kunnskap om eleven med utgangspunkt i teoriar om fysisk og motorisk utvikling, betyding av kjønn, sosial bakgrunn, etnisitet, evne og funksjonsnivå knytt til kroppsøving og kroppsleg læring-          har kunnskap om korleis dei grunnleggjande dugleikane; uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg, rekne, bruke digitale verktøy støttar læring i kroppsøving, og korleis det ut frå faget sin eigenart er naturleg å inkludere desse-          har kunnskap om motorisk læring og betydinga av dette i utvikling og ferdigheitslæring-          har kunnskap om fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv-          har forståing for kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barnekulturDUGLEIKARStudenten-          kan planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske krav-          kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, symjing, individuell idrett, lagidrett og friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer som er aktuelle for trinn 5-10-          kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassaopplæring, tilbakemelding og vurdering i kroppsøving-          kan vurdere eleven si måloppnåing med og utan karakter, og begrunne vurderingane-          kan identifisere farer og ivareta elevane si tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø-          kan utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn-          kan gjer faglege og fagdidaktiske avvegingar knytt til undervisning og læring i kroppsøving for elevar på trinn 5-10GENERELL KOMPETANSEStudenten-          kan vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning-          kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet-          kan bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving-          kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring-          kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar

Learning outcome knowledge

-

Learning outcome skills

-

Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til.Det er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6, med unntak av: Alle kurs med praktisk aktivitet, der ein krev 80% frammøte totalt og minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs Kurs 5, Kystfriluftsliv, der ein krev 100% frammøte på overnattingstur.   Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i fagetStudentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med ekskursjonar i kurs 1, 5 og 8, samt fråvær frå heimen i inntil 3 dagar.Det vert kravd materialpengar på 400 kr. Emnet er samansett av følgjande kurs:Teoretiske kurs Kurs 1. Leik og sansemotorikk - Leik og leikemiljø som stimulerande og variert moglegheit for livsutfalding, meistring og sosialt samvær. - Observasjon og analyse av born i leik - Allsidig og grunnleggande rørsleerfaring sin betyding for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit - Grunnleggande rørsler sin betyding for born og unge si deltaking i leik, idrettsaktivitet og friluftsliv i skule og fritid. - Grunnleggande og enkle prinsipp og metodar for tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge Kurs 2. Bevegelseslære 1 - Grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding - Grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar- Ergonomi Kurs 3. Pedagogikk i kroppsøving og idrett - Pedagogiske problemstillingar retta mot idrett og kroppsøving - Motivasjon og meistring hjå ulike målgrupper - Idrett og sjølvbilete - Læring i idrettsgrupper - Kropp, kultur og samfunn- Barne- og ungdomsidrettenPraktiske kurs:Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 4-10.Praktiske aktivitar: Kurs 4: Stup- Eit utval stupøvingar frå sviktbrett og tårn Turn- Grunnleggjande turnøvingar ute og i sal Generell koordinasjon- Utvikling av generelle koordinative eigenskapar Kurs 5. Kystfriluftsliv- Innføringskurs i grunnleggjande dugleikar i friluftsliv. Oppstartstur på Yksnøya med overnatting Kurs 6. Symjing - Vasstilvenning - Opplæring i symjeartane bryst -, rygg- og frisymjing - Ballspel i vatn Kurs 7. Livberging - Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR- Livbergingsprøve Kurs 8. Orientering - Orientering i idrett og kroppsøving- Bruk av kart og kompass i ulike miljø Kurs 9. Friidrett- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar Kurs 10. Leik og idrettsaktivitetar - Kreativ læring - Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø- Grunnleggande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge

Assessment requirements

-

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
10
Used in other programs