Semesters

GL5-10MAT2A Matematikk 2A

Course code: 
GL5-10MAT2A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

GL5-10MAT1A eller tilsvarande.

Course content

Matematikk kan vere eitt av tre fagval på 60 stp i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.- årssteget. Emnet Matematikk 2A (GL5-10MAT2A) er det tredje matematikkemnet for GLU 5-10 og skal takast i det tredje studieåret av dei som har valt matematikk. Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. Tema i emnet er mellom anna matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematikkvanskar og tilpassing av undervisning.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Studenten

  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevers læring i grunnskulen
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
  • har kjennskap til kvantitative og kvalitative metodar som er relevante i matematikkdidaktisk forsking.
Learning outcome skills

 Studenten

  • kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfagleg emne relevant for 5.-10. steg
  • kan bruke kvantitative og kvalitative forskingsmetodar til å gjennomføre matematikkdidaktiske undersøkingar
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring.
Learning outcome qualification

 Studenten

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis.
Working and learning activities

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom teoripresentasjon og gjennom eige arbeid. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet. Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.

Assessment requirements
  • Innlevering av sjølvvald pensum på om lag 50 sider.
  • Presentasjon av ein fagartikkel for medstudentar og lærar.
  • Innlevering av sjølvvalt problemstilling og ein disposisjon til semesteroppgåve.
  • Innlevering av eit skriftleg førsteutkast på semesteroppgåva.
  • Presentasjon av semesteroppgåva munnleg.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Odd Helge Mjellem Tonheim
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
-
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Om lag 5000 ord