Semesters
GL5-10NF1A Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (5-10)
Ingen
Undervisninga i Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (GL5-10NF1A), saman med Naturfag 1 - Biologi og geofag (GL5-10NF1B), tek sikte på å gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulen sitt ungdomssteg. Emnet tek for seg tema innan fysikk og kjemi, samt nokre naturfagdidaktiske emne.
Faglege tema:
- fysikk: elektrisitet, energi og varmelære, bølgjer, lys og lyd
- kjemi: grunnleggande kjemiske omgrep og atomteori, bindingar og formlar, eigenskapar hos stoff, kjemiske reaksjonar, reaksjonsfart og likevekt, syrer og basar, redoks-kjemi, organisk kjemi
Fagdidaktiske tema:
- læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema, med hovudvekt på kjemi
- fagdidaktiske perspektiv på praktisk arbeid som del av naturfagundervisning
- vurdering og drøfting av framstillinga av naturvitskaplege emne i samfunnet
- grunnleggjande ferdigheiter i naturfag med vekt på lesing
- tryggleik på laboratorium og anna praktisk naturfagundervisning
-
- faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema
- kunnskap om å gje undervisning i skulefaget naturfag
- kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og ved praktisk naturfagundervisning generelt
- generelle praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema
- ferdigheiter i å gje undervisning i skulefaget naturfag
- ferdigheiter i å gje ei naturfagopplæring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
- sjå naturfaget i samanheng med elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i LK06
- utvikle evne til å sjå muligheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning i naturfaglege tema
-
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning, samt regelmessige innleveringar av arbeidskrav via internett (Fronter). Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til både den teoretiske og praktiske undervisninga er obligatorisk, sjå «Forskrift om studium og eksamen vedHøgskulen i Volda, §4-6». Kvar student skal gjennomføre ein tovekers periode med skolepraksis i løpet av semesteret.Det føresettas at studentane disponerer digitalt kamera til bruk i dokumentasjonsarbeid.
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere fagrapport frå tre laboratorieøvingar/feltarbeid (minimum 1500 ord)
- levere ein samlerapport frå det øvrige laboratorie- og feltarbeidet
- levere fem vurderingar av læringsressursar (omfang 300-400 ord pr. innlevering)
For å få lov til å gjennomføre obligatorisk lab-undervisning skal studenten før kvar av dei to samlingane gjennomføre og få godkjent ei kunnskapsprøve (fleirvalsprøve i Fronter). Det vert gitt to forsøk.
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Kalkulator utan moglegheit for lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes LK06, periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene |