Semesters
GL5-10NF2B Naturfag 2 - Biologi og geofag (5-10)
Godkjente arbeidskrav og frammøte til obligatorisk undervisning i Naturfag 1 -Biologi og geofag (GL5-10NF1A) og Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (GL5-10NF1B) eller tilsvarande.
Undervisninga i Naturfag 2 - Biologi og geofag (GL5-10NF2A), saman med Naturfag 2 - Fysikk og kjemi (GL5-10NF2B), byggjer på naturfagemna Naturfag 1 -Biologi og geofag (GL5-10NF1A) og Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (GL5-10NF1B), og tek sikte på å gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulen sitt ungdomssteg. Emnet tek for seg tema innan biologi og geofag, samt nokre naturfagdidaktiske emne.
Faglege tema:
- biologi: cellebiologi, genetikk og bioteknologi, økologi og biotoplære, artskunnskap
- geofag: hydrologi
Fagdidaktiske tema:
- læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema, med hovudvekt på kjemi
- bruk av modellar i naturvitskap
- vurdering av lærebøker og læringsressursar i naturfag
- planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag
-
- faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema
- kunnskap om å gje undervisning i skulefaget naturfag
- kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og ved praktisk naturfagundervisning generelt
- generelle praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema
- ferdigheiter i å gje undervisning i skulefaget naturfag
- ferdigheiter i å gje ei naturfagopplæring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
- sjå naturfaget i samanheng med elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i LK06
- utvikle evne til å sjå muligheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning i naturfaglege tema
-
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning, samt regelmessige innleveringar av arbeidskrav via internett (Fronter). Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle
innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til både den teoretiske og praktiske undervisninga er obligatorisk, sjå «Forskrift om studium og eksamen ved
Høgskulen i Volda, §4-6». Kvar student skal gjennomføre ein tovekers periode med skolepraksis i løpet av semesteret.
Det er ein føresetnad at studentane disponerer digitalt kamera til bruk i dokumentasjonsarbeid.
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere rapport frå tre laboratorieøvingar/feltarbeid (minimum 1500 ord)
- levere ein samlerapport frå det øvrige laboratorie- og feltarbeidet
- bestå ein artsprøve basert på ei liste med 100 pensumartar
For å få lov til å gjennomføre obligatorisk lab-undervisning skal studenten før kvar av dei to samlingane gjennomføre og få godkjent ei kunnskapsprøve (fleirvalsprøve i Fronter). Det vert gitt to forsøk.
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ingen |