Semesters

GL5-10NOR2 Norsk 2

Course code: 
GL5-10NOR2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Required prerequisite knowledge

Norsk 1A (GL5-10NOR1A) og Norsk 1B (GL5-10NOR1B) eller tilsvarande

Course content

I norsk 2 står samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Like eins skal dei studere tekstkulturen slik han er og har vore. Dei skal også få utvida forskingsbasert innsikt i fagdidaktiske spørsmål, mellom anna i dei grunnleggande ferdigheitene og i norskfaget som kultur- og danningsfag. Vidare skal dei arbeide med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om korleis skulefaget norsk er legitimert som reiskapsfag, språkfag, tekstfag, kulturfag, estetisk fag og danningsfag med utgangspunkt i dagens læreplanverk og i faghistoria
  • har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur og kunnskap om teoriar knytte til leseopplæring og litteraturdidaktikk
  • har litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag
  • har kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
  • har kjennskap til språk som ungdom brukar
  • har djupare innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon) og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
  • kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i begge målformer
  • kan rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom forelesingar, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Assessment requirements
  • Fire skriftlege arbeidskrav. Individuelle arbeid. Omfang: Tre på ca. 1.500 ord, eitt på ca. 2.200 ord
  • To munnlege framlegg, kvart på ca 20-30 minutt.

Det er to skriftlege og eitt munnleg arbeidskrav pr. semester.

Alle skriftlege innleveringar i haustsemesteret skal leverast på bokmål.
Alle skriftlege innleveringar i vårsemesteret skal leverast på nynorsk.
Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Marit-Lovise Brekke
Monica Gjelsten
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Eitt av dei skriftlege arbeidskrava frå haustsemesteret og eitt frå vårsemesteret skal leggast i ei vurderingsmappe saman med ein presentasjonstekst.
Sjå vilkår for å framstille seg til eksamen. Presentasjonstekst på inntil 800 ord.
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50