Semesters

GL5-10PEL3 Pedagogikk og elevkunnskap 3

Course code: 
GL5-10PEL3
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2015 Autumn
Assessment semester: 
2015 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

GL5-10PEL1 og GL5-10PEL2

Course content

Emnet bygger på dei to første emna i PEL-faget i grunnskulelærarutdanninga, og omhandlar skulens oppgåver og funksjon i eit historisk, filosofisk, samfunnsmessig og internasjonalt perspektiv. Dette inneber kunnskap om skulen som organisasjon, profesjonelt utviklingsarbeid og profesjonsetisk medvit.

Learning outcome

-

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om

  • skulen som kompleks organisasjon, om skulens rammefaktorar og styringsstruktur
  • samarbeidet med kommande kollegaer i skulen, elever, føresette og skulen sine ytre samarbeidspartnarar utanfor skulen og kva betyding dette har for elevane si læring og utvikling
  • fellesskapet si betyding for elevane sine læringsprosessar
  • korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
  • sosialt, språkleg og kulturelt mangfald for å støtte elevar si læring i ein inkluderande skule
  • overgangen mellom barnehage og skule og mellom barnesteg ungdomssteg
  • korleis skulen kan nyttiggjere seg lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i elevane sine læreprosessar
  • sentrale fasar og strategiar i skulen si historiske utvikling, og om skulen og utdanninga sitt mandat og funksjonar til ulike tider i Noreg
  • demokrati, danning og utvikling av identitet, og den betydinga dette har for skulen si verksemd i ei internasjonalisert verd
Learning outcome skills

Studenten kan

  • kritisk analysere samhandlingar i klasser og grupper av elevar og fatte slutningar som stimulerer elevar si læring
  • kan analysere og vurdere over skulefaglege spørsmål knytt til elevar med ulik sosial og faglig utvikling
  • stimulere til forståing av demokrati og til demokratisk deltaking og treffe grunngjevne verdival
  • planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingssamtalar
  • nyttiggjere seg lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i elevane sine læringsprosessar
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan aktivt førehalde seg til korleis profesjonelle verdival påverkar elevar sitt læringsarbeid og kan analysere og kommunisere om profesjonsetiske utfordringar både med heimen, kollegar og andre samarbeidspartnarar
  • kan fremme dialog, gjensidig toleranse og respekt i læringsfellesskap prega av eit språkleg og kulturelt mangfald
  • har innsikt i lærarrolla si utvikling og dei utfordringar læraren står ovanfor som oppseder i eit pluralistisk og internasjonalisert samfunn
Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Assessment requirements

Det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student får to (2) forsøk på eit arbeidskrav, sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.  

  • Individuell skriftleg oppgåve ut frå gitt problemstilling knytt til utfordringar i skulen som organisasjon, på inntil 2500 ord
  • Ein individuell munnleg presentasjon
  • Innlevering av tema for bacheloroppgåve
  • Deltaking i seminar
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
60
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade