Semesters
GL5-10PRA1 Praksis 1, 30 dagar
Ingen.
Planen for praksisopplæringa er tematisk samordna med planen for pedagogikk og elevkunnskap (PEL), og planane for dei andre faga. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte lærar. Praksisopplæringa vil i kombinasjon med dei andre faga gjere at studentane vert utfordra til å utvikle seg sjølve som lærarar med solide kunnskapar for å takle lærarrolla.
Gjennomgåande for alle praksisperiodar skal studenten:
- utvikle yrkesetisk kompetanse
- utvikle relasjonell kompetanse
- utvikle leiingskompetanse
- utvikle fagdidaktisk kompetanse
- utvikle fagkompetanse
- utvikle endring og utviklingskompetanse
- vise engasjement, entusiasme og evne til samarbeid
Hovudtemaet for praksisopplæringa i fyrste studieår er lærarrolla, lærararbeidet og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 5.-10. trinn. Dette handlar om:
- Utvikling av eigen læraridentitet
- Lærararbeidet i møte med elevar på 5.-10. trinn, elevgrupper og klasser
- Læringsleiing i møte med elevar; leiing av, rutinar og reglar for læringsarbeidet
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- Læringsretta vurdering
- Aktuelle kartleggingsverktøy
Studenten
- har kunnskap om læraren si rolle
- har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer
- har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter som grunnlag for læring
- har kunnskap om observasjonsmetodar
Studenten
- kan saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning
- kan legge til rette for utvikling av elevane sine grunnleggande ferdigheiter i arbeidet med faga
- kan bruke ulike arbeidsmåtar og læremiddel i undervisninga tilpassa 5.–10. trinn.
- kan med utgangspunkt i relevant teori velje og bruke aktuelle kartleggingsverktøy i opplæringa
- kan bruke vurdering som del av læringsarbeidet og legge til rette for elevane si eigenvurdering
- kan observere og leie elevar sitt læringsarbeid
Studenten
- kan diskutere undervisning og læring, fag og elevar i lys av profesjonelle og yrkesetiske perspektiv
- kan vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking
- kan handtere ulike typar tilbakemeldingar frå rettleiar
Studentane vil vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar. Praksisgruppa vil vere på ein praksisskule gjennom heile studieåret, og ha ein primærkontakt på skulen. Praksisen i fyrste studieåret vert delt inn i tre utplasseringsperiodar. Tidleg i fyrste semester vil studenten vere utplassert i to dagar. Målsetjinga med denne praksisperioden er at studenten skal få eit innblikk i ein lærar sin arbeidskvardag. I den andre praksisperioden vil studenten få arbeide med sentrale delar av lærarrolla. I den siste praksisperioden vil studenten også få ansvar for større delar av heilskapen i lærarolla. Praksislærar skal framstå som tydleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal også vise studentane korleis ho/han gjennomfører undervisningsøkter. Gjennom denne vekslinga i ulike måtar å organisere rettleiinga på, får studentane spegla seg sjølv gjennom andre, og reflektert saman med andre om korleis deira lærarolle verkar på elevane og elevane si læring. I den tredje praksisperioden skal studentar gruppevis og/eller enkeltvis få ansvar for undervisingsøkter. I økter studenten ikkje har hovudansvar for, skal studenten gjennom observasjon og rettleiing av elevar prøve å setje seg inn i kva eleven si oppleving og utbytte av undervisninga er, i tillegg til å observere og rettleie medstudentar som underviser. I enkelte økter bør studenten også gjennomføre samtale med enkelt elevar der ein prøver å få enno betre innsikt i elevane sine erfaringar og læring.Studentar øver seg på å oppnå kontakt med, og bygge relasjonar til einskildelevar, til dømes i friminutt og i andre aktivitetar der dette er naturleg. Etterarbeid etter praksis:Dei ulike faga brukar erfaringar studentar og faglærarar har frå perioden inn mot si undervisning. Studenten skal reflektere over eigne sterke og svake sider – og utfordringar i høve undervisning. Dette skal gjerast inn mot alle fag studenten har.
1. Arbeidskrav knytt til andre praksisperiode: Munnleg og IKT-basert presentasjon og drøfting av sentrale erfaringar frå praksisperioden i gruppe.
2. Arbeidskrav knytt til tredje praksisperiode: Munnleg arbeidskrav i gruppe knytt til førebuing til praksis.
3. Arbeidskrav knytt til tredje praksisperiode: Munnleg og IKT-basert presentasjon og drøfting av sentrale erfaringar frå praksisperioden i gruppe.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | Pass / fail |
Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.
Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.