Semesters

GL5-10RLE1 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1 (5-10)

Course code: 
GL5-10RLE1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2015 Autumn
Assessment semester: 
2015 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

RLE 1 gir historisk og aktuell kunnskap om religionar, livssyn, filosofi og etikk. RLE 1 er delt i fire fagområde der fagdidaktikk er ein eigen del. Fagdidaktiske perspektiv er likevel integrert i
alle emna, og slik gir RLE1 kunnskapar og ferdigheiter tydeleg retta mot RLE-undervisning på 5.-10.årssteg.  

RLE 1 gir òg studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer.

Delar

Del 1 Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøsitet og ikkje-religiøse livssyn

Del 1 gir kunnskap om tekstar, truslære og historisk utvikling til jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøse- og ikkje-religiøse livssyn.

Del 2 Kristendom

Del 2 gir kunnskap om kristendomshistorie, kristen truslære og om Bibelen og forteljingar frå kristen tradisjon.

Del 3 Filosofi og etikk

Del 3 gir kunnskap om filosofisk og religiøs etikk, ulike etiske teoriar, menneskesyn og filosofisk samtale.

Del 4 Fagdidaktikk

Del 4 gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn og om RLE-fagets eigenart og
historie. Del 4 gir òg  kunnskap om og ferdigheiter i  eit variert spekter av metodar i faget med tanke på undervisning på 5.-10 årssteg.

 

Learning outcome

-

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om religionar og livssyn, mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfattingar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg
    vekt på kristendommen og norske forhold
  • har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for unge
  • har kunnskap om religionshistorie med vekt på i eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
  • har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
  • har kunnskap om samanlikningar mellom religiøse tradisjonar og sekulære livssyn
  • har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk
  • har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia
  • har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
  • har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse for undervisninga i RLE
  • har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald
  • har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål
  • har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget i høve til dei aktuelle trinna
  • har kunnskap om barns og unges gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar
  • har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn og unge
  • har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere RLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei
    fleirkulturelle utfordringane
  • kan setje seg inn i unge sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
  • kan samtale med unge om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar kan bruke sentrale arbeidsmåtar med vekt på dialog, utforsking, samanlikning og kritisk og
    analytisk arbeid i undervisning og læring
  • kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget kan gjennomføre tilpassa opplæring i RLE, mellom anna med omsyn til
    elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
  • kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i RLE med varierte, elevaktive
    og engasjerande arbeidsmåtar
  • kan reflektere kritisk over innhaldet i faget og over verdimålsettingane for faget og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
  • kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga
Learning outcome qualification

Studenten

  • har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
  • kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
  • har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn 
Working and learning activities

Undervisninga er obligatorisk og består av forelesingar og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga vil vere lokalklasseromsundervisning og kan bli digitalt overført.

Assessment requirements

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må
studenten
- ha fått godkjent to kunnskapsprøver innan fastsett frist
- ha fått godkjent fire innleveringar innan fastsett frist

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/2
Om lag 4000 ord
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/2
Munnleg prøve kan gjelde heile pensum