Semesters

GL5-10RLE2 Kristendom, religion, livssyn og etikk 2 (5-10)

Course code: 
GL5-10RLE2
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Spring
Assessment semester: 
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

GL5-10RLE1

Course content

Religion, livssyn og etikk 2 (RLE 2) er ei vidareføring av Religion, livssyn og etikk 1 (RLE1). 
Profesjonskunnskap og didaktikk for 5.-10. årssteg står sentralt i emnet, og ein vil også arbeide vidare med korleis religions- og
livssynsmangfaldet syner seg i samfunnet, i historia, i etiske utfordringar, i ulike tekstar og lesemåtar.

Del 1 Heilage tekstar

Del 1 gir kunnskap om heilage tekstar og viktige forteljingar i religionane, med vekt på kristendom, islam og buddhisme. Tekstane vil sjåast i lys av sjanger, verknadshistorie og ulike lesemåtar.

Del 2 Mangfald

Del 2 gir kunnskap om religions- og livssynsmessig mangfald i samfunnet. Det vil bli lagt vekt på variasjonar i livstolking innan ulike religionar og sekulære livssyn. FN sine internasjonale konvensjonar om
menneskerettar og ILO-konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar er sentrale dokument i undervisninga.

Emnet vil òg gi kunnskap om samanlikning av religiøse tradisjonar og praksisar.

Del 3 Områdeetikk

Del 3 gir kunnskap om ulike verdiperspektiv i møte med eit utval aktuelle etiske utfordringar.

Del 4 RLE i praksis

Del 4 drøftar, gir innsikt og ferdigheiter i planlegging og gjennomføring av RLE-undervisning knytt til 5.-10. årssteg. Det
vert lagt vekt på metodekunnskap og mellom anna på korleis film kan brukast i undervisninga.

Del 5 Religions- og kristendomshistorie

Del 5 gir kunnskap om historia til kristendomen og andre religionar i Noreg frå reformasjonen fram til vår tid.

Learning outcome

-

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om viktige trus - og livstolkingar i religionane, anna religiøst mangfald i historisk og aktuelt perspektiv, med vekt på europeiske og
    meir globale forhold
  • har kunnskap om religionshistorie med vekt på nyare tid og særleg på kristendommens historie frå reformasjonen og framover
  • har kunnskap om heilage tekstar med viktige forteljingar i religionane, deira litterære uttrykk og sjangrar, verknadshistorie, hermeneutikk og
    historisk-vitskaplege perspektiv på tekstane
  • har kunnskap om samisk religionshistorie
  • har kunnskap om samanlikningar mellom religiøse tradisjonar og praksisar
  • har kunnskap om sekulære livstolkingar med vekt på ideologiar
  • har kunnskap om religiøse, humanistiske og naturalistiske verdiperspektiv i møte med aktuelle utfordringar som spørsmål om liv og død,
    kjønn og likestilling, seksualitet, økonomi, miljø og ressursbruk, rusmiddel og rusmisbruk
  • har kunnskap om FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettane og ILO-konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, samt aktuell
    diskusjon om menneskerettsomgrepet
  • har kunnskap om grunnskolefaget si historie med særleg vekt på tida etter 1997 og ulike løysingar på religions- og filosofiundervisninga i andre land
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke eit breitt utval av varierte arbeidsmåtar med vekt på utforskande samtalar
  • kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i faget, òg i eiga undervisning
  • kan lage lokale læreplanar i RLE
  • kan reflektere over eiga utvikling i yrkesutøvinga som RLE-lærar
  • kan integrere dei grunnleggande ferdigheitene i RLE-undervisninga: kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, lese ulike typar tekstar og rekne
  • kan tolke korleis tekstar, kunst og arkitektur uttrykkjer meining i RLE-emna, gjennom sjangrar, symbol, metaforar og andre verkemiddel
  • kunne bruke digitale verktøy med særleg blikk for kjeldekritikk i høve til søk etter informasjon og etiske spørsmål om nettetikette og personvern
  • kan bruke prinsippa for erfaringsbasert forsking i eiga verksemd som RLE-lærar
Learning outcome qualification

Studenten

  • har kunnskap om eit breitt utval av mogelege arbeidsmåtar i faget og tilsvarande vurderingsformer
  • kan gjere greie for ulike konsekvensar av verdigrunnlaget for skolen
  • kan sjå ungdomskultur og samfunn elles i samanheng med religionar og livssyn 
Working and learning activities

Undervisninga er obligatorisk og består av forelesingar og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga vil vere lokal klasseromsundervisning som kan bli digitalt overført.

Assessment requirements

For å kunne gå opp til eksamen må studenten

  • ha fått godkjent to kunnskapsprøver
  • ha fått godkjent tre arbeid, to av dei skal vere didaktisk vinkla
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
Om lag 2500 ord
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3