Semesters
GL5-10SAM1B2 Samfunnsfag 1B
Ingen.
Samfunnsfag 1B inneheld om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. I geografi vert det lagt vekt på klima, levekår, regionar og regionalisering, nord-sør problematikk. I historie står konfliktar og samfunnsendring frå opplysingstida fram til i dag sentralt, i tillegg til historiebruk og forståing av fortida hos barn og ungdom. I samfunnskunnskap vert det lagt særleg vekt på menneskerettar, politiske, økonomiske og kulturelle samfunnsforhold, nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet i emnet er knytt til den gjeldande læreplanen i grunnskulen m.a. når det gjeld tema og arbeidsmåtar. Sentrale tverrgåande perspektiv knytt til dei ulike områda vil vere forskingsforankring, digital kompetanse, grunnleggjande dugleikar og fleirkulturelle utfordringar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
- kjenner til undervisingspraksis og -utfordringar i samfunnsfag på 5. -10. trinn
- har kunnskap om historieforståinga og historiebruken til barn og unge
- har kunnskap om barn og unges rettar, demokrati og politisk deltaking
- har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
- har kunnskap om klima, levekår og berekraftig utvikling i ulike deler av verda
- har kunnskap om dei historiske hovudtrekka ved samfunnsutviklinga i Noreg og verda frå opplysingstida til i dag
- har kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
- har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
- har kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse.
Studenten
- kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
- kan skildre og analysere livsformer og levekår i ulike deler av verda
- kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
- kan bidra til å utvikle den munnlege dugleiken til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
- kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
- kan vurdere lærebøker og andre læremiddel kritisk til bruk i opplæringa
- kan leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget
- kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv med vekt på menneskerettar og demokratiske prinsipp.
Studenten
- kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
- kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
- kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
- kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
- kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn.
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjonar. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Det er obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
For å få framstille seg for eksamen, må studenten
- skrive tre oppgåver kvar på 900-1 200 ord (ei i geografi og ei i samfunnskunnskap) og lage ei digital forteljing med refleksjonsnotat i historie.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Teacher Qualification 5.-10. grade
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | |||
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | eller b. Munnleg eksamen. Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert skriftleg eksamen automatisk registrert. |
a. Skriftleg eksamen