Semesters

HI112 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 1536–1870

Course code: 
HI112
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 1536–1870
Teaching semester: 
2024 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå 1536 og fram til ca. 1870. Vi legg vekt på å forklare overgangen frå det førindustrielle jordbrukssamfunnet til industrisamfunnet både i Noreg og Europa, og betydninga av dei politiske omveltingane i Noreg, Europa og Nord-Amerika i perioden. Vi legg òg opp til å sjå Europa i eit globalt perspektiv, og forklare kvifor Europa gjekk frå framleis å vere ein utkant i global samanheng ved inngangen til nytida, til at verdsdelen i denne perioden etablerte fullstendig verdshegemoni.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå 1536 til ca.1870 og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
  • kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Working and learning activities

Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i den digitale læringsplattforma som HVO nyttar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

 

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal ha eit omfang på om lag 2500 ord og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan få dispensasjon frå kravet mot å gjennomføre eit anna arbeidskrav etter instruks frå instituttet. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet. Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge og planlegge di eiga arbeidstid.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i den digitale læringsplattforma. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen skal gjennomførast i same semester.

Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ola Teige
Used in other programs
  • History - bachelor
  • History - yearcourse
  • Language and Literature - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under "Vilkår for å framstille seg til eksamen" (arbeidskrav). I sluttevalueringa kan det bli lagt vekt på prosessen.
Oppgåva skal leverast elektronisk i Inspera. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt
3000-3500 ord
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ein justerande, munnleg eksamen der studenten kan prøvast i ulike delar av pensum.
Ingen.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS102N
1,5
Approval signature: 
Randi Bergem 23.02.2023