Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
HI112 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 1536–1870
Ingen
Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå 1536 og fram til ca. 1870. Vi legg vekt på å forklare overgangen frå det førindustrielle jordbrukssamfunnet til industrisamfunnet både i Noreg og Europa, og betydninga av dei politiske omveltingane i Noreg, Europa og Nord-Amerika i perioden. Vi legg òg opp til å sjå Europa i eit globalt perspektiv, og forklare kvifor Europa gjekk frå framleis å vere ein utkant i global samanheng ved inngangen til nytida, til at verdsdelen i denne perioden etablerte fullstendig verdshegemoni.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå 1536 til ca. 1870 og kunne sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
- ha grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
- formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium.
Studenten skal kunne
- sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i den digitale læringsplattforma som HVO nyttar. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:
- Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal vere om lag 2500 ord og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
- Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.
Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i den digitale læringsplattforma. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Bachelor in religious studies
- History - bachelor
- History - yearcourse
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle. | 3000-3500 ord | ||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ein justerande, munnleg eksamen der studenten kan prøvast i ulike delar av pensum. | Ingen. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SRS102N | 1,5 |
Oppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.