Semesters

HI202 Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar?

Course code: 
HI202
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2015 Autumn
Assessment semester: 
2015 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Minimum 30 stp. i historie grunnemne: Anten HI101/111/111N/111N-AVG og/eller HI102/112/112N/112N-AVG og/eller 103/113/113N/113N-AVG. Andre relevante fag kan vurderast etter søknad.

Course content

Formålet med emnet er å kaste lys over dei norske kystsamfunna i både i førindustriell tid og under den tidlege moderniseringsfasen. Dette gjeld både økonomiske, sosiale og dels kulturelle forhold. Vi samanliknar dei ulike delane av kysten for å få fram mangfallet. Samstundes er vi på jakt etter det særeigne ved kysten gjennom å samanlikne med område i indre strok. Ved å også samanlikne med kystregionar i andre land rundt Nordsjøen og Norskehavet vil vi også drøfte kor vidt tilhøva på norskekysten var unike. Særleg er det viktig å leite etter grunnleggande årsaker til at regionale skilnader har oppstått, mellom anna ut frå teoriar om bondeøkonomi og om samanhengar mellom folketalsutvikling, teknologi og levekår. Sidan samanlikning/komparasjon reint metodisk står sentralt i emnet, vil vi også innleiingsvis drøfte komparative metodar i historiefaget.Tematisk vil altså emnet ha hovudvekt på økonomi og teknologi/ressursutnytting (særleg knytt til sjøen), men sosiale tilhøve og tenkemåtar står også i fokus. Emnet er bygd opp av 5 hovuddelar/tyngdepunkt med ulik storleik: Metodisk/teoretisk del: Om komparasjon som metode og om sjangrane (økonomisk historie, sosialhistorie og kulturhistorie). Vidare presenterer vi ymse teoriar om førindustriell bondeøkonomi. Dette er dekt av artiklar. Desse har vi også prøvd å knyte saman med utarbeidde leksjonar. Generell presentasjon av historia til norskekysten frå kring 1700 til 1920.  Pensum vert for ein stor del henta frå den nye norske fiskeri- og kysthistoria, men supplert med nokre artiklar. Sidan dette i såpass stor grad bygger på ei samanhengande framstilling, har vi ikkje laga samanbindande leksjonar til denne delen. Nærare fordjuping i tre norske regionar: Nordland og Troms, Møre og Romsdal og Agder. Dette er i hovudsak dekt med spreidde artiklar, og vi trekker opp nokre hovudliner i leksjonar. Kultur,  sosiale tilhøve og modernisering langs kysten i komparativt lys. Dette er dekt med artiklar og støtta opp av leksjonar. Kystkultur og modernisering kring Nordsjøen og Norskehavet i komparativt lys. Dette vert dekt med artiklar og støtta opp av leksjonar.

Learning outcome

Kjem.

Learning outcome knowledge

Det er eit mål at studenten har kunnskapar om komparativ metode, sentrale teoriar om førindustriell bondeøkonomi og samanhengar mellom folketalsutvikling, teknologi og levekår. har kunnskapar om karakteristiske trekk ved økonomi og sosiale tilhøve i dei norske kystområda i perioden ca.1600–1920, og korleis desse endra seg gjennom perioden kjenner hovudmønster når det gjeld økonomiske og sosiale skilnader regionar imellom langs norskekysten og i høve til nokre andre nordsjøland.

Learning outcome skills

Det er eit mål at studenten kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.

Learning outcome qualification

Ingen.

Working and learning activities

Emnet kan takast som nettstøtta studium. Innhaldet i emnet blir i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege «nettleksjonar» à 5–10 sider og studiespørsmål, som blir distribuert via internett.Alle studentar som tek emnet, blir fordelte i basisgrupper á 3-4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar gruppe får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettleser, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av omlag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå 2 medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 500-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Gjennomføre ein 4 timars individuell prøve på Fronter.
  • Skrive eit refleksjonsnotat som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Begge prosessoppgåvene skal bearbeidast til sluttoppgåver etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sluttoppgåvene skal også ha eit omfang av om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Sjå under Vurdering og eksamen. Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv.Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Used in other programs
  • History In depth study (net-based)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Mappe med to element, dei to prosessoppgåvene studenten har skrive. Studenten har høve til å forbetre oppgåvene før dei vert lagde i sluttmappa. Sjå; Arbeidskrav. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering.