Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Autumn
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Autumn
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2015 Autumn
- 2016 Autumn
HI210 Historie - bacheloroppgåve
60 studiepoeng historieemne som inneheld: Dei tre obligatoriske oversynsemna (HI111, HI112, HI113) og eitt valfritt emne på grunn- eller fordjupingsnivå (til dømes HI100). I tillegg må studenten ta eit 15 studiepoengs emne på fordjupingsnivå, anten semesteret før eller parallelt i semesteret at ho/han skriv bacheloroppgåve.
Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit historisk tema. Gjennomføringa av emnet skal gje studenten «en forskers, ikke en lesers holdning til det historiske stoff» (Jens Arup Seip: Om å skrive hovedoppgave i historie. 1967, s. 7).
Bacheloroppgåva kan gjerne knytast til eitt av dei teoretiske fordjupingsemna (200-nivå) studenten har valt i fordjupinga. Oppgåva skal fylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Til bacheloroppggåva skal kvar student sjølv setje saman eit relevant pensum på 300 sider frå den litteraturen ho har brukt i arbeidet med oppgåva. Eiga liste over denne litteraturen skal godkjennast av rettleiaren, sjå arbeidskrav.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Desse vil avhenge av tema for oppgåva/ kva for fagemne på fordjupingsnivå du vil knyte skrivinga av HI210-oppgåve til. Sjå pkt. om læringsutbytte for dei ulike fagemne på fordjupingsnivå.
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- granske og reflektere over historiske data, sekundær- og primærkjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
Studenten skal kunne
- sette seg inn i nye historiske problemområde, framstille ending over tid og analysere komplekse tema frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder av større omfang og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning, inkludert systematisk bruk av relevante referansesystem
Studenten legg sjølv fram forslag til tema og problemorientering for oppgåva. Oppnemnd rettleiar vurderer og godkjenner opplegget i dialog med studenten.Til bacheloroppgåva skal kvar student sjølv setje saman eit pensum på 300 sider frå den litteraturen ho/han har brukt i arbeidet med oppgåva.
Desse arbeidskrava skal gjennomførast individuelt i 12 pkt. skrift og lineavstand 1,5:
- Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på
- Utkast til disposisjon av oppgåva
- Eit første utkast til oppgåva på minimum 5000 ord.
- Eit fullverdig utkast til oppgåva på 8000 - 10 000 ord.
- Levere pensumliste på 300 sider.
Arbeidskrava skal leverast innan bestemte fristar.
Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige og individuelle arbeid.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- History - bachelor
- History - bachelor (net-based)
- History In depth study (net-based)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Adjusting oral examination | Individual | 1 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for oppgåva og dei 300 sidene sjølvvalt pensum. | Studenten tek med bacheloroppgåva uten notat til munnleg eksamen. | |
Bachelor's thesis | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det blir gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen. | 8000-10000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift |