Semesters

HPE205 Profesjonsfagleg digital kompetanse for lærarutdannarar

Course code: 
HPE205
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Studiet er for fagleg tilsette ved HVO

  • Treårig høgskule- eller universitetsutdanning
  • Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering

Emnet tek utgangspunkt i rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse slik det er spesifisert i læringsmodular for studentane på MAGLU ved HVO. Studentane vil gjennom teoretisk innføring og gjennomføringa av desse modulane, samt praktiske verkstadar, reflektere over bruk og vidareutvikling av PfDK i eigne fag og i eiga undervising. Emnet vil ha fokus på kva PfDK er, på forsking på læring og læringsleiing i teknologirike klasserom og på kva digitale ressursar som er mest i bruk i praksisfeltet rundt oss. Emnet blir eit diskusjons- og utviklingsforum for læringsopplegg og bruk av digitale ressursar i lærarutdanningane.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter gjennomført emnet skal studenten:  

  • Ha kunnskap om rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse og korleis legge til rette for at studentar utviklar profesjonsfagleg digital kompetanse i sine fag, ut over gjennomføring av PfDK-læringsmodulane.
  • Kjenne til aktuelle forsking knytt til læring og læringsleiing i teknologirike klasserom

  • Kjenne til aktuelle digitale verktøy og ressursar brukt i praksisfeltet og på sitt fagfelt

Learning outcome skills

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • Kunne velje, grunngi, modellere og videreutvikle læringsaktivitetar med bruk av digitale ressursar knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse i sitt fag ut over gjennomføring av PfDK-læringsmodulane.

    • Læraren sin profesjonsfaglege digitale identitet
    • Barn og unges mediekultur og motivasjon for læring
    • Klasseleiing, differensiering og vurdering i teknologirike klasserom
    • Lærarprofesjonalitet, digital danning og innovasjon
    • Digital profesjonell utvikling og endringskompetanse
  • Kunne planlegge og bidra til faglig og pedagogisk utvikling og nyskaping med digitale verktøy og ressursar i sitt fagmiljø

  • Kunne rettleie studentar og kollegaer i bruk av fagspesifikke digitale ressursar

Learning outcome qualification

Etter gjennomført emne skal studenten:

  • Kunne ta i bruk rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse til å velje, grunngi og vidareutvikle undervising og emneplanar i eigne fag

Working and learning activities

Studiet er lagt opp med nettleksjonar, samlingar, deltakaraktivitet og utprøving av digitale ressursar brukt i praksisfeltet til lærarutdanningane. Deltakarane vil arbeide med praktiske oppgåver knytt til eige arbeid og vil sjølve kunne påverke utforminga av innhaldet, mellom anna ved å ta med eigne erfaringar.

Fellessamlingane er totalt fire dagar over heile studieåret lagt til ulike vekedagar. Mellom fellessamlingane arbeider deltakarane med PfDK-modular og Læringsverkstadkurs 

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 80 prosent deltaking på samlingane.

Arbeidskrav:

1. Gjennomføring av PfDK-læringsmodular for lærarstudentar i MAGLU

2. Refleksjon over korleis kvar læringsmodul kan vidareutviklast i eige fag og undervising og med kva digitale ressursar

3. Gjennomføring av 10 verkstadkurs i Læringsverkstaden, 2 sjølvvalde, 8 obligatoriske:

  • Interaktive tavler og casting
  • Samarbeid med Google Suite
  • Digital forteljing
  • Læringsfilm
  • Omvendt undervising
  • Adaptiv læring
  • Gamification
  • Val mellom: AR/VR - Algoritmisk tenking og programmering - Sensorbruk og datalogging

 

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Synnøve Hedemann Amdam
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
Pass / fail
1. Refleksjon over kva delar av og korleis PfDK-læringsmodulane kan integrerast i eigne fag og emne
2. Grunngiven vidareutvikling av undervisingsopplegg basert på refleksjon over vidare bruk av PfDK-læringsmodular og digitale ressursar i eiga undervising.
Approval signature: 
Arne Myklebust