Semesters
HPE207 Pedagogisk basiskompetanse
Vitskapleg tilsette utan dokumentert basiskompetanse innan høgskulepedagogikk. Søkjar bør ha undervisingsrelaterte oppgåver i det aktuelle studieåret.
Pedagogisk basiskompetanse er eit emne som skal fremje høg utdanningskvalitet for vitskapleg tilsette i høgare utdanning. Emnet skal bidra til utvikling av forståing og meistring av dei pedagogiske oppgåvene som vitskapleg tilsette møter. Målet er å vidareutvikle ei heilskapleg forståing av undervisning og læring. Sentralt i basiskompetansen er eit tydeleg fokus på studentane si læring, ei forskande tilnærming til eiga undervisningsverksemd og ei kollegial og samarbeidsorientert haldning i arbeidet med undervisning og læring. Emnet skal stimulere til kontinuerleg vidareutvikling av den pedagogisk kompetansen og til vidare karriereplanlegging hjå den einskilde deltakaren.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kunnskap om teoretiske perspektiv på undervisning, læring og vurdering i høgare utdanning samt kjennskap til relevante didaktiske modellar
- innsikt i inkluderande læringsmiljø og universell utforming i undervisningssamanheng
- kjennskap til aktuelle styringsdokument knytt til undervisning i høgare utdanning
- kunnskap om etiske og relasjonelle utfordringar i lærararbeidet
- kjennskap til pedagogisk mappe som grunnlag for
karriereplanlegging
Studenten kan:
- planlegge, gjennomføre og vurdere læringsfremjande undervisning i ulike kontekstar
- bidra til lærande fellesskap gjennom analyse og kritisk drøfting av eiga og kollegaer si praktiske undervisning
- grunngi og kritisk reflektere over eige lærings- og kunnskapssyn
- reflektere kritisk over eige undervisningsrepertoar retta mot ulike studentgrupper med varierande storleik og samansetjingar
- utvikle digital kompetanse i eiga undervisning
- ta i bruk læringsfremjande vurderingsformer
Studenten:
- har utvikla eit pedagogisk og didaktisk legitimert repertoar for profesjonell undervisning og kan bidra til pedagogisk nyskapande arbeid
- har styrka kompetanse i forskingsbasert undervisning
- kan bidra til forståing av høgskuletilsette sitt samfunnsmandat
- er i stand til å reflektere kritisk over pedagogisk grunnsyn som tilsette i høgare utdanning
Studiet utgjer 10 studiepoeng, fordelt på samlingar og arbeid i perioden mellom samlingane, individuelt og i gruppe. Deltakarane vil arbeide med praktiske oppgåver knytt til undervisningsarbeid med vekt på kollegarettleiing. Studentane vil sjølve vere med å påverke delar av innhaldet i emnet.
Emnet går over to semester og er samlingsbasert.
Søkarar bør ha undervisningsrelaterte oppgåver i det aktuelle studieåret, då dette har relevans for kursinnhald og arbeidsformer.
1. Frammøtekrav: minimum 80 % på fellessamlingane
2. Deltaking i undervisning og arbeid mellom samlingane.
Eksamen vert gjennomført som mappeeksamen der studenten skal levere to dokument: 1) undervisningsplan og 2) refleksjonsnotat knytt til kollegarettleiing.
1) Utarbeide ein undervisningsplan. Deltakaren skal dokumentere kompetanse i undervisningsplanlegging og gjere greie for behov i målgruppa, formål og målsetjingar, innhald i undervisninga, læringsmål, metodar og vurderingsformer. Vala skal vere grunngjevne med utgangspunkt i relevante teoriar og modellar og knytast til eige pedagogisk grunnsyn/praksisteori. Undervisningsplanen kan rettast mot ulike former for undervisning og kontekstar som grunnstudium, etter- eller vidareutdanning samt nettundervisning.
2) Samarbeide i par eller team om planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga og andre si undervisning eller andre pedagogiske oppgåver. Kollegarettleiinga skal dokumenterast gjennom refleksjonsnotat.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Pass / fail | Mappa skal leverast elektronisk | Mappa skal innehalde to delar: Del 1: Undervisningsplan/plan for læringsforløp, teoretiske grunngjevingar og refleksjonar knytt til eige pedagogisk grunnsyn/praksisteori. Del 2: Skriftleg refleksjon knytt til gjennomført kollegarettleiing i par eller små grupper. Mappa skal ha eit totalomfang på 3000-4000 ord. |