Semesters

HPE207 Pedagogisk basiskompetanse

Course code: 
HPE207
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Vitskapleg tilsette utan dokumentert basiskompetanse innan høgskulepedagogikk. Søkjar bør ha undervisingsrelaterte oppgåver i det aktuelle studieåret.

Course content

Pedagogisk basiskompetanse er eit emne som skal fremje høg utdanningskvalitet for vitskapleg tilsette i høgare utdanning. Emnet skalbidra til utvikling av forståing og meistring av dei  pedagogiske oppgåvene som vitskapleg tilsette møter. Målet er å vidareutvikle ei heilskapleg forståing av undervisning og læring. Sentralt i basiskompetansen er eit tydeleg fokus på studentane si læring, ei forskande tilnærming til eiga undervisningsverksemd og ei kollegial og samarbeidsorientert haldning i arbeidet med undervisning og læring. Emnet skal stimulere til kontinuerleg vidareutvikling av den pedagogisk kompetansen og til vidare karriereplanlegging hjå den einskilde deltakaren.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har: 

  • kunnskap om teoretiske perspektiv på undervisning, læring og vurdering i høgare utdanning samt kjennskap til relevante didaktiske modellar
  • innsikt i inkluderande læringsmiljø og universell utforming i undervisningssamanheng
  • kjennskap til aktuelle styringsdokument knytt til undervisning i høgare utdanning
  • kunnskap om etiske og relasjonelle utfordringar i lærararbeidet
  • kjennskap til pedagogisk mappe som grunnlag for
    karriereplanlegging
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • planlegge, gjennomføre og vurdere læringsfremjande undervisning i ulike kontekstar
  • bidra til lærande fellesskap gjennom analyse og kritisk drøfting av eiga og kollegaer si praktiske undervisning
  • grunngi og kritisk reflektere over eige lærings- og kunnskapssyn
  • reflektere kritisk over eige undervisningsrepertoar retta mot ulike studentgrupper med varierande storleik og samansetjingar
  • utvikle digital kompetanse i eiga undervisning
  • ta i bruk læringsfremjande vurderingsformer
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • har utvikla eit pedagogisk og didaktisk legitimert repertoar for profesjonell undervisning og kan bidra til pedagogisk nyskapande arbeid
  • har styrka kompetanse i forskingsbasert undervisning
  • kan bidra til forståing av høgskuletilsette sitt samfunnsmandat
  • er i stand til å reflektere kritisk over pedagogisk grunnsyn som tilsette i høgare utdanning
Working and learning activities

Studiet utgjer 10 studiepoeng, fordelt på samlingar og arbeid i perioden mellom samlingane, individuelt og i gruppe. Deltakarane vil arbeide med praktiske oppgåver knytt til undervisningsarbeid med vekt på kollegarettleiing. Studentane vil sjølve vere med å påverke delar av innhaldet i emnet.

Emnet går over to semester og er samlingsbasert.

Søkarar bør ha undervisningsrelaterte oppgåver i det aktuelle studieåret, då dette har relevans for kursinnhald og arbeidsformer.

Assessment requirements

1. Frammøtekrav: minimum 80 % på fellessamlingane
2. Deltaking i undervisning og arbeid mellom samlingane:

a)Utarbeide ein undervisningsplan basert på ei eiga undervisningsøkt. Deltakaren skal dokumentere kompetanse i undervisningsplanlegging og gjere greie for behov i målgruppa, formål og målsetjingar, innhald i undervisninga, læringsmål, metodar og vurderingsformer. Vala skal vere grunngjevne med utgangspunkt i relevante teoriar og modellar. Undervisningsplanen kan rettast mot ulike former for undervisning og kontekstar som grunnstudium, etter- eller vidareutdanning samt nettundervisning. Omfang: 1200-2000 ord.

b)Samarbeide i kollegapar om planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga og andre si undervisning. Dei skal observere i ein kollega si undervisning og gi respons på kor den einskilde planen vert gjennomført. I etterkant av undervisninga skal observatøren gje kollegarettleiing på den gjennomførte undervisninga. Veiledningssekvensen skal filmast.

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Synnøve Moltudal
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Pass / fail
Mappa skal leverast elektronisk
Mappa skal innehalde:

Undervisningsplan. Omfang: 1200-2000 ord.
Videodokumentasjon av kollegarettleiing.
Skriftleg presentasjon av eige pedagogisk grunnsyn relatert til undervisning og læring innanfor eige fagområde. Omfang: 1200-2000 ord.
Approval signature: 
Arne Myklebust