Semesters
HPE208 Rettleiing på kvantitativ metode
Studiet er for fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda.
Formålet med emnet er å gje studentane praktisk og teoretisk innsikt i kvantitativ forskingsmetode. Målgruppene for emnet er både rettleiarar til masterstudentar som vel å gjennomføre ei kvantitativ datainnsamling og forskarar som skal lese og sette seg inn i kvantitativ forsking. Det vert lagt vekt på bruk av digitale hjelpemiddel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter gjennomført emne skal studenten:
- ha god innsikt og handlingskompetanse i å forstå og rettleie på kvantitative studiar
- ha kunnskap om viktige omgrep innanfor kvantitative metodar
- ha kunnskap om ulike dataprogram nytta som hjelpemiddel i kvantitative studiar
- ha kunnskap om god presentasjon av kvantitativ forsking
Etter gjennomført emne skal studenten:
- kunne gjennomføre ein kvantitativ studie der ein nyttar kvantitativ dataanalyse
- kunne gje fagleg rettleiing til studentar i å gjennomføre og presentere kvantitativ forsking
Etter gjennomført emne skal studenten:
- kunne forstå kvantitative studiar
- kunne rettleie studentar i arbeidet med kvantitative studiar
Emnet er lagt opp med vekt på deltakaraktivitet. Undervegs vil deltakarane arbeide med praktisk øving, med respons frå både faglærar og medstudentar.
Undervisninga er totalt fire dagar. Mellom undervisningsøktene arbeider deltakarane med ulike oppgåver knytt til emnet.
Frammøtekrav:
Oppmøte på samlingane er minimum 80 %, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, pkt. 2.
Arbeidskrav:
1. Presentasjon av ein forskingsartikkel som nyttar kvantitativ metode. Munnleg presentasjon individuelt eller i par.
2. Kvantitativ analysearbeid der ein nyttar ein programvare som er utvikla for statistikk (f. eks. SPSS, rekneark e. l.) Individuell oppgåve på om lag 1000 ord.
Arbeidskrava må vere godkjent for at studenten skal framstille seg til sluttvurdering.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | Semester | Pass / fail | 2000 ord +/- 10 % |