Semesters

HUM101 Humanistisk innføringsemne

Course code: 
HUM101
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Humanistisk innføringsemne
Teaching semester: 
2016 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Humanistisk innføringsemne
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Examen facultatum er eit obligatorisk innføringsemne i bachelorprogrammet i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Emnet kan også takast innanfor andre studium og bachelorprogram ved Høgskulen i Volda eller andre høgskular og universitet.

Studiet er delt inn i eit kjerneemne (10 studiepoeng), som utgjer ex.fac.-delen, og eit særemne (5 studiepoeng), som er eit innføringskurs i vitskapleg oppgåveskriving.

Studiet legg vekt på nyare vitskapsteoretiske diskusjonar og den historiske samanhengen dei går inn i.

Ex.fac.-delen er delt i tre:

  • Humanistisk vitskapshistorie
  • Tekst og tolking (hermeneutikk)
  • Kunst og samfunn

1) Humanistisk vitskapshistorie

Delemnet tar opp korleis ein kan forstå omgrepet vitskap. Ein diskuterer tilhøvet mellom humaniora og naturvitskap, historismen og den språklege vendinga i humaniora.

2) Tekst og tolking

Delemnet tar opp hermeneutikkens historie. Ein diskuterer kva som ligg i omgrepet hermeneutisk metode, og fordjupar seg i den moderne debatten om hermeneutikk. Studenten vil også få ei kort innføring i moderne kulturforståing.

3) Kunst og samfunn

Delemnet tar opp kunstomgrepet i eit historisk perspektiv med særskilt vekt på litteratur. Ein diskuterer synet på kunst i ulike periodar, og ser på tilhøvet mellom litteratur og røyndom. Viktige spørsmål er på kva måte kunst er knytt til historie, kultur og kjønn.

Særemnet (skrivekurset): På grunnlag av det stoffet som er gjennomgått i ex.fac.-delen, skal studenten få ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Emnet skal gi kunnskap om fag- og vitskapshistorie og kjennskap til sentrale spørsmål i dei humanistiske faga. Emnet skal vidare gi kjennskap til kva formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå, og kjennskap til reglar for korrekt argumentasjon.

Learning outcome skills

Etter fullført studium skal studenten

  • vere i stand til å formulere og avgrense relevante problemstillingar,
  • meistre utforming av oppgåver der ein svarar på ei problemstilling,
  • kunne drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve og slik gjennom analytiske grep og logisk argumentasjon vere i stand til å svare på ei relevant formulert problemstilling,
  • meistre forsvarleg bruk av ulike kjelder.
Learning outcome qualification

Emnet skal utvikle allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk, slik at studenten får eit bilete av dei ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet. Emnet skal vidare setje studenten i stand til å skrive oppgåver på 100- og 200-nivå.

Working and learning activities

Undervisninga i ex.fac.-delen vert gjeven gjennom nettleksjonar. Studentane fylgjer opp gjennom oppgåveskriving og responsar på medstudentar sine oppgåvetekstar. I arbeidet med dei skriftlege oppgåvene får studentane rettleiing frå faglærar.

For gjennomføring av skrivekurset er det lagt opp til seminarundervisning. Det er obligatorisk frammøte.

Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.

 

Assessment requirements

Arbeidskrav i ex.fac.-delen:

  1. Studenten skal skrive ei godkjenningsoppgåve (ca. 3 sider à 2000 teikn) frå kvart delemne. Oppgåva skal vere grunnlag for respons og diskusjon, og ho skal godkjennast av faglærar.
  2. Studenten skal gi skriftleg respons på seks oppgåveutkast frå medstudentar i løpet av kurset (ca. 1/2 - 1 side for kvar respons).

Komplett arbeidsmappe (3 oppgåver og 6 responsar) skal vere godkjend i same semester som arbeidet er utført.

Arbeidskrav i skrivekurset:

1. Studenten skal levere eit utkast til ei oppgåve innanfor eit delemne i Hum 101. Utkastet skal vere på 2000 - 4000 teikn utan mellomrom (ca. 1-2 sider). Utkastet skal innehalde ei problemstilling for oppgåva. Denne skal kommenterast, avgrensast og presiserast.

2. Studenten skal gje respons på to oppgåveutkast frå medstudentar.

3. Studentar som ikkje tek del i minst 80% av førelesingane, må gjennomføre ei 2 timars individuell prøve på Fronter i slutten av semesteret.

Arbeidskrava skal godkjennast av faglærar og må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava skal vere oppfylte i same semester som undervisninga blir gitt.

 

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Katrin Lunde
Used in other programs
  • Language and Literature - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.
Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn)