Semesters

HUM103N Humanistisk innføringsemne, Nettbasert (ex.fac. utan skrivekurs)

Course code: 
HUM103N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Humanistisk innføringsemne, Nettbasert (ex.fac. utan skrivekurs)
Teaching semester: 
2020 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Humanistisk innføringsemne, Nettbasert (ex.fac. utan skrivekurs)
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Studiet legg vekt på nyare vitskapsteoretiske diskusjonar og den historiske samanhengen dei går inn i. Studiet inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet.

Emnet er delt i tre:

  • Humanistisk vitskapshistorie
  • Tekst og tolking (hermeneutikk)
  • Kunst og samfunn

1) Humanistisk vitskapshistorie

Delemnet tar opp korleis ein kan forstå omgrepet vitskap. Ein diskuterer tilhøvet mellom humaniora og naturvitskap, historismen og den språklege vendinga i humaniora.

2) Tekst og tolking

Delemnet tar opp hermeneutikkens historie. Ein diskuterer kva som ligg i omgrepet hermeneutisk metode, og fordjupar seg i den moderne debatten om hermeneutikk. Studenten vil også få ei kort innføring i moderne kulturforståing.

3) Kunst og samfunn

Delemnet tar opp kunstomgrepet i eit historisk perspektiv med særskilt vekt på litteratur. Ein diskuterer synet på kunst i ulike periodar, og ser på tilhøvet mellom litteratur og røyndom. Viktige spørsmål er på kva måte kunst er knytt til historie, kultur og kjønn.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om

  • fag- og vitskapshistorie
  • sentrale spørsmål i dei humanistiske faga.

 

Learning outcome skills

Etter fulført emne skal studenten 

  • ha trening i fagleg skriving på 100-nivå.
  • ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar
Learning outcome qualification

Etter fullført emne skal studenten ha 

  • utvikla allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk.
  • Innsikt i ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet.
Working and learning activities

Undervisninga vert gjeven gjennom nettleksjonar. Studentane fylgjer opp gjennom oppgåveskriving og responsar på medstudentar sine oppgåvetekstar. I arbeidet med dei skriftlege oppgåvene får studentane rettleiing frå faglærar.

Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.

Assessment requirements

Studenten skal skrive ei godkjenningsoppgåve (ca.3 sider à 2000 teikn) frå kvart delemne. Oppgåva skal godkjennast av faglærar og skal vere grunnlag for responsar frå medstudentar.

Studenten skal gi skriftleg respons på seks oppgåveutkast frå medstudentar i løpet av kurset (ca. 1/2 - 1 side for kvar respons).

Komplett arbeidsmappe (3 godkjenningsoppgåver og 6 responsar) skal vere godkjend i same semester som arbeidet er utført.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Katrin Lunde
Used in other programs
  • Examen facultatum
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn).
Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.
Approval signature: 
Arne Myklebust