Semesters
HUM103N Humanistisk innføringsemne, Nettbasert (ex.fac. utan skrivekurs)
Ingen
Studiet legg vekt på nyare vitskapsteoretiske diskusjonar og den historiske samanhengen dei går inn i.
Emnet er delt i tre:
- Humanistisk vitskapshistorie
- Tekst og tolking (hermeneutikk)
- Kunst og samfunn
1) Humanistisk vitskapshistorie
Delemnet tar opp korleis ein kan forstå omgrepet vitskap. Ein diskuterer tilhøvet mellom humaniora og naturvitskap, historismen og den språklege vendinga i humaniora.
2) Tekst og tolking
Delemnet tar opp hermeneutikkens historie. Ein diskuterer kva som ligg i omgrepet hermeneutisk metode, og fordjupar seg i den moderne debatten om hermeneutikk. Studenten vil også få ei kort innføring i moderne kulturforståing.
3) Kunst og samfunn
Delemnet tar opp kunstomgrepet i eit historisk perspektiv med særskilt vekt på litteratur. Ein diskuterer synet på kunst i ulike periodar, og ser på tilhøvet mellom litteratur og røyndom. Viktige spørsmål er på kva måte kunst er knytt til historie, kultur og kjønn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Emnet skal gi kunnskap om fag- og vitskapshistorie, og kjennskap til sentrale spørsmål i dei humanistiske faga. Studiet inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet.
Gjennom emnet får studenten trening i fagleg skriving på 100-nivå.
Emnet skal utvikle allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk, slik at studenten får eit bilete av dei ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet.
Undervisninga vert gjeven gjennom nettleksjonar. Studentane fylgjer opp gjennom oppgåveskriving og responsar på medstudentar sine oppgåvetekstar. I arbeidet med dei skriftlege oppgåvene får studentane rettleiing frå faglærar.
Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist.
Studenten skal skrive ei godkjenningsoppgåve (ca. 3 sider à 2000 teikn) frå kvart delemne. Oppgåva skal godkjennast av faglærar og skal vere grunnlag for responsar frå medstudentar.
Studenten skal gi skriftleg respons på seks oppgåveutkast frå medstudentar i løpet av kurset (ca. 1/2 - 1 side for kvar respons).
Komplett arbeidsmappe (3 godkjenningsoppgåver og 6 responsar) skal vere godkjend i same semester som arbeidet er utført.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Examen facultatum
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn). | Ei av dei tre godkjenningsoppgåvene skal studenten etter eige val utvide til ei eksamensoppgåve (ca. 10 sider à 2000 teikn) som skal leverast innan ein fastsett frist. |