Semesters
IDK140N Introduksjon til kunstig intelligens i skulen
Ingen.
Dette emnet gir ei innføring i kunstig intelligens (KI) og bruken av det i skulen. Det har som mål å setje lærarar i stand til å integrere KI i deira pedagogiske praksis. Emnet dekkjer historia til KI, grunnleggjande prinsipp for maskinlæring og språkmodellar, og korleis desse teknologiane kan brukast i pedagogisk praksis. Emnet diskuterer også etiske og juridiske implikasjonane av å bruke kunstig intelligens i utdanning, til dømes knytt til personvern, datasikkerheit, og skeivskapar (bias). Ved slutten av emnet skal studenten vere i stand til å vurdere kvaliteten og relevansen av kunstig intelligens-verktøy for spesifikke pedagogiske formål, og integrere læringsfremjande bruk av KI i eigen undervisning og arbeidskvardag. I det praktiske arbeidet vert det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde. Målgruppa for emnet er lærarar i grunn- og vidaregåande skule. Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrav ein jobbar med undervegs.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- Har innsikt i konsekvensar av å nytte KI i utdanning, til dømes knytt til personvern, datasikkerheit og skeivskapar (bias)
- Kjenner til verktøy og ressursar for å integrere KI i undervisning, samt utfordringar ved desse
- Har innsikt i konsekvensar KI får for formativ og summativ vurdering
Kandidaten
- Kan anvende ulike strategiar for å utvikle ledetekstar (prompts) til ulike KI-modellar
- Kan planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid som koplar KI og eigen praksis
Kandidaten
- Er kjend med kunstig intelligens si utvikling, i relasjon til utdanning
- Kan reflektere over potensialet KI har for å skape eller utjamne digitale skilnadar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk arbeid med ulike KI-verktøy og didaktisk refleksjon.
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav som vert spesifisert i semesterplanen. Arbeidskrava kan utarbeidast og innleverast individuelt eller i grupper, etter avtale med emneansvarleg. Omfanget på arbeidskrava vil svare til 1500 ord (+/- 10%) som skrift, eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Ved gruppeinnlevering aukar omfanget med 750 ord eller 3,5 minutt, per student frå og med student nr.2. Arbeidskrava utgjer grunnlaget for eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Kr. 2.000,-.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld utdrag frå arbeidskrava i emnet, med refleksjon knytt til utval og korleis arbeidskrava er vidareutvikla til eksamensprodukt. Levering av eksamen som gruppe skal avtalast med emneansvarleg i samband med innlevering av arbeidskrav. |