Semesters
IDK151N Innføring i blokkprogrammering
Ingen.
Å programmere med blokkar er ein måte å lage kode som er spesielt egna for yngre elevar og nybegynnarar innan programmering. I dette emnet vil du lære blokkbasert programmering. Vi vil bruke dei vanlegaste appane i bruk i skulen i dag, og det vil bli mogleg å tilpasse studieløpet til eigne undervisningsfag, trinn, interesser og tilgjengeleg utstyr.
I løpet av studiet vil du få kjennskap til grunnleggjande element innan programmering, som til døme løkker, variablar, operatorar og funkjsjonar. Du vil og lære om algoritmisk tenking og korleis eit dataprogram er bygd opp. Du vil øve på teknikkar for å lese og feilsøkje kode, og få ein stor verktøykasse med didaktiske metodar for å undervise i programmering på ein kreativ og variert måte.
Emnet er særleg relevant for lærarar i grunnskulen som underviser i fag med programmering i læreplanen, men også andre som ønsker å inkludere programmering i sin undervisning. Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske .
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal kunne
- kjenne til grunnleggjande element innan programmering, og korleis eit dataprogram er bygd opp.
- Drøfte korleis ein kan fa ein fagleg fundert undervisning i programmering, ved bruk av algoritmisk tenking og andre didaktiske metodar.
Kandidaten skal kunne
- Lese, feilsøkje og sjølv lage enkle program ved hjelp av blokkprogrammering.
Kandidaten skal kunne
- Bruke blokkbasert programmering i eigen undervisning, og reflektere kring eigen praksis.
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skulen.
Frammøtekrav: Ingen.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på 1500 ord (+/- 10%), eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Desse oppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Kr. 2.000,-.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 % | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret. |