Semesters

IDK166N Førebygge og stoppe nettmobbing

Course code: 
IDK166N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Dette emnet tematiserer korleis du som lærar kan førebygge og handtere nettmobbing og andre krenkelsar. Barn sin interaksjon på sosiale media grip inn i skulekvardagen og er ei utfordring som lærarar må kunne handtere, men som mange føler at dei kan for lite om. I emnet vil du lære om barns mediekultur og om utfordringar og farar barn kan møte på nett. Emnet har fokus på korleis du som lærer kan utvikle din egen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK) og bidra gjennom lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet. Du vil lære kva som er ditt ansvar som lærar, og få konkrete tips og verktøy du kan bruke i din eigen skulekvardag.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • Kjenne til barn sin nettbruk og mediekultur, og korleis internett og sosiale media påverkar samfunnet og barn sin kvardag.
  • Vite kva nettmobbing er, og kjenne til andre krenkelser og utfordringer barn kan oppleve på nett.
  • Kjenne til kva plikter du som lærar har for å sikre elevar eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • Gjere effektive tiltak for å førebyggje og stoppe nettmobbing og krenkelsar over nett, i tråd med lover, forskrifter og lokal praksis.
  • Gjere utviklingsarbeid i eige klasserom eller på eigen skule.
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • Kunne avdekkje, førebyggje og stoppe nettmobbing i eigen elevgruppe, i tråd med lover, forskrifter og lokal praksis.
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til eigen arbeidsplass. Emnet er organisert i asynkrone nettleksjonar og øvingar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Ingen. 

Arbeidskrav:

I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på om lag 1500 ord (+/- 10%). Desse oppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt. Studentane får framovermelding på arbeidskrav.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
100
Costs

Kr. 2.000,-. 

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
Pass / fail
100 %
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld arbeidskrav og eit kort refleksjonsnotat.