Semesters
IDK166N Førebygge og stoppe nettmobbing
Ingen.
Dette emnet tematiserer korleis du som lærar kan førebygge og handtere nettmobbing og andre krenkelsar. Barn sin interaksjon på sosiale media grip inn i skulekvardagen og er ei utfordring som lærarar må kunne handtere, men som mange føler at dei kan for lite om. I emnet vil du lære om barns mediekultur og om utfordringar og farar barn kan møte på nett. Emnet har fokus på korleis du som lærer kan utvikle din egen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK) og bidra gjennom lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet. Du vil lære kva som er ditt ansvar som lærar, og få konkrete tips og verktøy du kan bruke i din eigen skulekvardag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- Kjenne til barn sin nettbruk og mediekultur, og korleis internett og sosiale media påverkar samfunnet og barn sin kvardag.
- Vite kva nettmobbing er, og kjenne til andre krenkelser og utfordringer barn kan oppleve på nett.
- Kjenne til kva plikter du som lærar har for å sikre elevar eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Studenten skal kunne
- Gjere effektive tiltak for å førebyggje og stoppe nettmobbing og krenkelsar over nett, i tråd med lover, forskrifter og lokal praksis.
- Gjere utviklingsarbeid i eige klasserom eller på eigen skule.
Studenten skal
- Kunne avdekkje, førebyggje og stoppe nettmobbing i eigen elevgruppe, i tråd med lover, forskrifter og lokal praksis.
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til eigen arbeidsplass. Emnet er organisert i asynkrone nettleksjonar og øvingar.
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på om lag 1500 ord (+/- 10%). Desse oppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa som leverast og vurderast ved semesterslutt. Studentane får framovermelding på arbeidskrav.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Kr. 2.000,-.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 % | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld arbeidskrav og eit kort refleksjonsnotat. |