Semesters
IFL105 Frå fjøre til fjell
Ingen
Emnet "Frå fjøre til fjell" omhandlar friluftsliv ved kysten og på sjøen, friluftsliv i skogen og på fjellet, kanopadling, utstyrslære, naturkjennskap, friluftsliv og samfunn, friluftslivspedagogikk (veglederlære), naturforvaltning. Emnet inngår som første emnet av Årsstudium Friluftsliv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
Kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk og fritid
Kjennskap og kunnskap om vegledning i friluftsliv
Innsikt i korleis planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
Ha dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere
eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav.
Allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
Innsikt i relevante faglege og etiske problemstillinger og kunne utøve kvalifiserte skjønn
Grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar og erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøftingar og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald og ferd (som kan vare over fleire døgn), gruppearbeid og plenumsdrøftingar og forelesing. Ferdighetsprøver kan leggast inn.
Frammøtekrav:Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IFL105
- Studenten skal ved semesterstart utarbeide ein eigen utviklingsplan som tek utgangspunkt i personlege læringsmål. Eigen utviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.
- Godkjent oppgåve på 2000 ord knytt til samling Fjord og Fjøre.
- Godkjent presentasjon av observasjonspraksis i samband med praksisseminar/ friluftslivspedagogikk undervisning. Studenten må også levere eit kort notat med refleksjonar frå praksis på førehand av praksiseminaret.
- Godkjent skriftleg etterarbeid etter åleinetur.
- Godkjent gruppevis presentasjon av eigentur skal leggjast fram i plenum.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
- Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
- Outdoor Life - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Pass / fail | Gjennomført og godkjent Skog og hei. Vurderingsgrunnlag: Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte. | |||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av Fjord og fjøre. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | |||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av Kyst. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | |||||
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. Studenten må stille med eigen bærbar datamaskin. |