Semesters
IFL114 Naturguiding i vinterlandskap
IFL 112 og IFL 113.
Studentane skal få innsikt i guidearbeid om vinteren. Emnet har fokus på trygg ferdsel i vinterlandskap, og tema som risikovurdering, opplevingar og haldningar vil stå sentralt. Mellom anna vil det å unngå skredutsett terreng vere eit viktig element. Emnet inneheld studiesamlingar i vinterfjellet, med undervisning, guiding og studentaktivitet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kunnskapar om lovverk og forskrifter knytt til bruk, forvaltning og ferdsel i nasjonalparkar og andre område med restriksjonar i samband med reiseliv.
- ha kunnskapar om lovverk og forskrifter i samband med tryggleik og ansvar knytt til det å vere guide for gjestar og grupper på tur i vinterlandskap.
- ha kunnskapar om naturgjevne forhold og «den menneskelege faktoren» i samband med ferdsel i vinterlandskap.
Studenten skal
- kunne organisere og gjennomføre guida turar, samt formidle informasjon om vinterlandskap og legge til rette for opplevingar.
- kunne utøve fagleg skjønn for trygge vegval i vinterlandskap.
- ha relevante ferdigheiter i redning og førstehjelp.
Studenten skal
- ha innsikt i tenking og faglege skjønn knytt til tryggleik og risikovurderingar under ferdsel i vinterlandskap.
- kunne bidra til god og ansvarleg praksis innan naturguiding.
Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute vil danne grunnlag for drøfting, refleksjon og læring.Undervisninga baserer seg på arbeidsmåtar, som krev eigenstudier og forutset aktiv deltaking og medansvar. Studentane vil få erfaring med å ha praktisk ansvar for organiseringa av studiesamlingane med guideoppgåver.
For teori- og undervisningsopplegg ute gjeld høgskulen sitt frammøtereglement på 80 prosent. For undervisningsopplegg over fleire dagar med overnatting er det krav om 100 prosent frammøte og deltaking. Semesterplan gjev informasjon om dei obligatoriske delane i studiet.
Arbeidskrav som skal vere godkjende for å gå opp til eksamen:
- Frammøte under obligatoriske undervisning.
- Aktiv deltaking på undervisninga, samt på førebuigar og etterarbeid knytt til desse.
- Oppgåve om vinterlandskap og ferdsel i vinterlandskap, omlag 2500 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studentane betaler ei materialavgift på kr 400,-.
Studentane må dekkje utgifter til reiser og oppgåvene med matlaging og servering.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise i samband med undervisninga må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til det einskilde undervisningsopplegget blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
- Nature Guide
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. |