Semesters

IFL114 Naturguiding i vinterlandskap

Course code: 
IFL114
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Naturguiding i vinterlandskap
Teaching semester: 
2017 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Naturguiding i vinterlandskap
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

IFL 112 og IFL 113.

Course content

Studentane skal få innsikt i guidearbeid om vinteren. Emnet har fokus på trygg ferdsel i vinterlandskap, og tema som risikovurdering, opplevingar og haldningar vil stå sentralt. Mellom anna vil det å unngå skredutsett terreng vere eit viktig element. Emnet inneheld  studiesamlingar i vinterfjellet, med undervisning, guiding og studentaktivitet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha kunnskapar om lovverk og forskrifter knytt til forvaltning og ferdsel i nasjonalparkar og andre område med restriksjonar i samband med reiseliv.
  • ha kunnskapar om lovverk og forskrifter i samband med tryggleik og ansvar knytt til det å vere guide for gjestar og grupper på tur i vinterlandskap.
  • ha kunnskapar om naturgjevne forhold og «den menneskelege faktoren» i samband med ferdsel i vinterlandskap.
Learning outcome skills

Studenten skal

  • kunne organisere og gjennomføre guida turar, samt formidle informasjon om vinterlandskap og legge til rette for opplevingar.
  • kunne utøve fagleg skjønn for trygge vegval i vinterlandskap.
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • ha innsikt i tenking og faglege skjønn knytt til tryggleik og risikovurderingar under ferdsel i vinterlandskap.
  • kunne bidra til god og ansvarleg praksis innan naturguiding.
Working and learning activities

Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute vil danne grunnlag for drøfting, refleksjon og læring.Undervisninga baserer seg på arbeidsmåtar, som krev eigenstudier og forutset aktiv deltaking og medansvar. Studentane vil få erfaring med å ha praktisk ansvar for organiseringa av studiesamlingane med guideoppgåver.

Assessment requirements

For teori- og undervisningsopplegg ute gjeld høgskulen sitt frammøtereglement på 80 prosent. For undervisningsopplegg over fleire dagar med overnatting er det krav om 100 prosent frammøte og deltaking. Semesterplan gjev informasjon om dei obligatoriske delane i studiet.

Arbeidskrav som skal vere godkjende for å gå opp til eksamen:

  • Frammøte under obligatoriske samlingar/undervisning.
  • Aktiv deltaking på studiesamlingane/undervisninga, samt på førebuigar og etterarbeid knytt til desse.
  • Oppgåve om vinterlandskap og  ferdsel i vinterlandskap, omlag 2500 ord.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Nils Ola Skuset
Used in other programs
  • Nature Guide
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Digital eksamen.
Approval signature: 
Aud Folkestad