Semesters

IFL115 Naturguiding – prosjekt og praksis

Course code: 
IFL115
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

IFL 112, IFL 113 og godkjende arbeidskrav i IFL114.

Course content

Studentane skal levere ei prosjektoppgåve, der dei har utvika og ferdigstilt eit eige guideprodukt i tråd med prosjektskissa, samt skaffe seg innsikt og erfaring med naturguiding som profesjon.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha kunnskapar om guiden si rolle i naturbasert reiseliv.
  • ha kunnskapar om dei elementa, som eit naturbasert reiselivsprodukt må innehalde, for å oppfylle krava for ein godkjend turoperatør.
  • ha kunnskapar om rammeverket for å kunne gjennomføre praktisk naturguidearbeid etter profesjonsstandarden for naturguidar.
Learning outcome skills

Studenten skal

  • kunne utvikle eit guida reiselivsprodukt i kyst- og fjordlandskap, der ein kartlegg og skildrar heile produktet med transport, overnatting, bevertning, guida tur i valt område, vurderingar av tryggleiken og eventuelle restriksjonar i området. Det skal leggjast særleg vekt på sjølve guidearbeidet. Målgruppe skal vere definert.
  • kunne bruke kunnskapar, innsikter og erfaringar frå mindre guideoppgåver i studiet til å gjennomføre eit guideoppdrag under ekstern praksis i samråd med ein godkjend turoperatør.
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kunne reflektere over yrkesmessige, juridiske og etiske sider ved naturguiderolla.
  • kunne bidra med erfaringar, innsikt og synspunkt for å utvikle god og ansvarleg praksis innan naturguiding. 
Working and learning activities

Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, gruppearbeid og praksis. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute vil danne grunnlag for drøftingar, refleksjonar og læring. Undervisninga baserer seg på arbeidsmåtar, som krev eigenstudier og forutset aktiv deltaking og medansvar. Studentane får tilbod om rettleiing til arbeidet med prosjektoppgåva. I løpet av emnet skal studentane  gjennomføre studieferd/ekstern praksis og må rekne med utgifter i denne samanhengen.

Assessment requirements

Godkjent deltaking etter høgskulen sine reglar for obligatorisk oppmøte. Semesterplanen gjev nærmare informasjon om dei obligatoriske delane av studiet.

Arbeidskrav som skal vere godkjende for å gå opp til eksamen:

  • Frammøte på obligatorisk undervisning og rettleiing.
  • Rettleiingsdokument til prosjektoppgåva. Avtale tid for rettleiing med faglærar.
  • Plan for studieferd/praksis.
  • Rapport etter studieferd/praksis, omlag 2500 ord.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Nils Ola Skuset
Used in other programs
  • Nature Guide
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Om lag 5000 ord.
Approval signature: 
Aud Folkestad