Semesters
IFL203 Friluftsliv I
Fullført eitt av følgjande to alternativ: 1. 60 stp i friluftsliv 2. 30 stp friluftsliv + 30 stp andre emne etter individuell vurdering
Emnet "Friluftsliv I" har vekt på ferdsel i fjell, høgfjell og bre. Filosofiske og didaktiske perspektiv blir videreført frå grunnivået. Naturkjennskap knytt til fjell og høgfjell. Emnet inneheld ein eigenutvikling på eit avgrensa tema. Emnet inngår som eit av fire emner i Fordjupingstudium Friluftsliv.
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane: Ha allsidig kjennskap til opphald og ferdsel i ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen Ha dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav. Ha kunnskap om vegledning i friluftsliv. Ha grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad. Kunne anvende faglige kunnskapar på praktiske og didaktiske problemstillingar. Kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar. Ha grunnleggande kunnskap om vitskapsteori og metodelære.
-
-
-
Arbeidsmåte og organisering er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar, erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil veksle mellom drøftingar i plenum/forelesing, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå friluftsliv vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar.Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk frammøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.