Semesters

IFL205 Helse

Course code: 
IFL205
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Årsstudium i Idrett (IFL101, IFL116, IFL117, IFL104) eller Årsstudium i Friluftsliv (IFL105, IFL106) eller tilsvarande.

Course content

Ved fullføring av dette emnet skal studenten kunne drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betyding for valet av ein fysisk aktiv livsstil.
Sentrale tema:

Livsstil og helse 
Samfunnsperspektiv på helse
Livsstil: Overvekt og fedme, kosthald og ernæring, hjarte- og kar- og lungesjukdomar, diabetes, muskel- og skjelettlidingar.

Trening og helse
Trening i eit livsløpsperspektiv
Fysisk helsegevinst
Psykisk og sosial helsegevinst

Oppleving, livskvalitet og motivasjon
Natur og livskvalitet
Motivasjon

Terapeutiske og pedagogiske retningar: Vegledning, Adventurebased therapy, Nature-guided therapy
Friluftsliv i eit livsløpsperspektiv
Filosofi: Kropp og bevisstheit

Emnet inngår som del av Bacholor i idrett og Bachelor i friluftsliv.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

  • Ha kunnskap og ferdigheiter til å kunne anvende fagleg kunnskap på praktiske og didaktiske problemstillingar.
  • Ha kunnskap og ferdigheiter til å kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.
Learning outcome knowledge
  • Ha kunnskap om grunnleggjande teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til livsstil og trening.
  • Ha kunnskap om teoriar og pågåande forskingsarbeid knytt til opplevingar og beslutningsprosessar.
  • Ha kunnskap til å kunne reflektere over idrett i eit helseperspektiv.
  • Ha kunnskap til å kunne reflektere over naturens og friluftslivets betyding i eit helseperspektiv.
Learning outcome skills
  • Har ferdigheiter til å kunne anvende fagleg kunnskap på praktiske og didaktiske problemstillingar.
  • Har ferdigheiter til å kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar.
Learning outcome qualification
  • Studenten skal kunne bruke kunnskapen og ferdigheitene til å drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betyding for valet av ein fysisk aktiv livsstil.
  • Sentrale tema:
  • Livsstil og helse,
  • Samfunnsperspektiv på helse,
  • Livsstil.
  • Studenten skal ha evne til å refleksjon og kritisk tenking med tanke på tilrettelegging for ulike individuelle behov
Working and learning activities

Studiearbeidet vil veksle mellom plemumsdrøftingar/forelesing, seminar, gruppearbeid og utandørsopphald. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar gjennom idrett og friluftsliv vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Seksjonen nyttar classfronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til pedagogisk bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.

Assessment requirements

Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.  Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i emnet.

Skriftlig oppgåve i grupper på 2-3 studentar 1500-2000 ord knytt til sentralt pensumstoff innafor Livsstil og helse og/ eller Trening og helse.

Utviklingsarbeid knytt til praktisk pedagogisk nærmiljøprosjekt i gruppe. Problemstilling skal vere knytt til pensum og skal godkjennast på førehand, og skal ha en komponent med praktisk framføring på ca. 2 timer for medstudentar.

I løpet av hausten må studentane skaffe seg relevant observasjonspraksis over til saman 4 dagar i skule, institusjon eller anna føretak som driv med helsefremjande arbeid. Observasjonspraksisen kan vere individuell eller i ei lita gruppe (2-3 pers). Praksis skal dokumenterast.

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
Ved 10 eller færre vert det vurdert om emnet vert starta opp.
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Kjetil Laurits Høydal
Expenses

Det vil bli kravd inn kr 200 i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Used in other programs
  • Outdoor life/Friluftsliv, intermediate course
  • Sports, intermediate course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Kjetil Høydal