Semesters
IKF101 Treningslære
Ingen.
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i treningslære og bevegelseslære, og studenten skal tileigne seg kunnskap og erfaring om og med undervisning i ulike bevegelsesmiljø.
Hovudtema er å lære om treningsmetoder, treningsprinsipp, basisferdigheiter om korleis fysiologiske mekanismar gjer kroppen i stand til å skape kraft og bevegelse, ergonomi, fysisk aktivitet, helse og livsstil.
Dette skal gi godt grunnlag for rettleiing i fysisk aktivitet, kroppsøving og idrett.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring, utvikling og bevegelsesglede.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr
- har grunnleggjande kunnskap om idrettsskadar
- har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar
- har kunnskap om grunnleggjande ergonomi
- har kunnskap om basisferdigheiter som er relevant for kroppsøving og idrett
- har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å tilrettelegge for læring i turn og generell koordinasjon
- har kunnskap og erfaring med å planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
- kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnadar
- kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett
- forstår samanhengen melom muskel og skjelett i bevegelse
- har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap, kritisk tenking og didaktisk refleksjon
- kan planleggje leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
Studenten:
- kan vurdere grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne
- kan forstå korleis dei fysiologiske prosessane i kroppen blir påverka av trening, og korleis denne kunnskapen kan brukast til å forbetre både generell helse og fysisk prestasjon
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet
- kan kommunisere om grunnleggande anatomi og bevegelseslære
- kan forstå samanhengen mellom anatomiske og mekaniske element som grunnlag for å vurdere og rettleie barn og unge i praktiske aktiviteter
- kan tenke kritisk og reflektere om problemstillingar knytt til tilrettelegging for læring i turn og generell koordinasjon
- kan tilrettelegge for varierte og stimulerende bevegelsesmiljø for barn og unge
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
Det vil bli nytta varierte arbeidsfomer i undervisninga.
Det er stilt krav om aktiv deltaking.
Canvas vert nytta som læringsplattform.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Treningslære
Kurs 2: Bevegelseslære
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike bevegelsesmiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 3: Praktisk treningslære
Kurs 4: Turn og generell koordinasjon
Frammøtekrav:
Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs
- Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 4.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
200 kr.
- Physical Education - bachelor
- Sports/physical education - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kurs 1: Treningslære | Ingen | |
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 2: Bevegelseslære | Ingen |