Semesters

IKF101 Treningslære

Course code: 
IKF101
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i treningslære og bevegelseslære, og studenten skal tileigne seg kunnskap og erfaring om og med undervisning i ulike bevegelsesmiljø.

Hovudtema er å lære om treningsmetoder, treningsprinsipp, basisferdigheiter om korleis fysiologiske mekanismar gjer kroppen i stand til å skape kraft og bevegelse, ergonomi, fysisk aktivitet, helse og livsstil. 

Dette skal gi godt grunnlag for rettleiing i fysisk aktivitet, kroppsøving og idrett.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring, utvikling og bevegelsesglede.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten: 

  • har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader 
  • har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr 
  • har grunnleggjande kunnskap om idrettsskadar 
  • har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding 
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar 
  • har kunnskap om grunnleggjande ergonomi  
  • har kunnskap om basisferdigheiter som er relevant for kroppsøving og idrett 
  • har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å tilrettelegge for læring i turn og generell koordinasjon 
  • har kunnskap og erfaring med å planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar 
Learning outcome skills

Studenten:  

  • kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnadar 
  • kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett 
  • forstår samanhengen melom muskel og skjelett i bevegelse 
  • har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp 
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap, kritisk tenking og didaktisk refleksjon 
  • kan planleggje leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader 
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan vurdere grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne
  • kan forstå korleis dei fysiologiske prosessane i kroppen blir påverka av trening, og korleis denne kunnskapen kan brukast til å forbetre både generell helse og fysisk prestasjon 
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet 
  • kan kommunisere om grunnleggande anatomi og bevegelseslære 
  • kan forstå samanhengen mellom anatomiske og mekaniske element som grunnlag for å vurdere og rettleie barn og unge i praktiske aktiviteter 
  • kan tenke kritisk og reflektere om problemstillingar knytt til tilrettelegging for læring i turn og generell koordinasjon 
  • kan tilrettelegge for varierte og stimulerende bevegelsesmiljø for barn og unge 
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet 
Working and learning activities

Det vil bli nytta varierte arbeidsfomer i undervisninga.

Det er stilt krav om aktiv deltaking.

Canvas vert nytta som læringsplattform. 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Treningslære 

Kurs 2: Bevegelseslære 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike bevegelsesmiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 3: Praktisk treningslære 

Kurs 4: Turn og generell koordinasjon 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4.

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs 

- Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 4. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
55
Person in charge: 
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Expenses

200 kr.

Used in other programs
  • Physical Education - bachelor
  • Sports/physical education - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Kurs 1: Treningslære
Ingen
Written Exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Kurs 2: Bevegelseslære
Ingen
Approval signature: 
Unni Hagen