Semesters

IKF106 Friluftsliv 1

Course code: 
IKF106
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet Friluftsliv 1 omhandlar friluftsliv ved kysten og på sjøen, friluftsliv i skogen og i fjell og brelandskap, kanopadling, utstyrslære, naturkjennskap, friluftsliv og samfunn, vegleiing og leiing i friluftsliv, samt naturforvaltning. Emnet inngår som første emnet i Bachelor i friluftsliv og naturguide.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
  • har kunnskap om dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk,  fritid og næringsliv
  • har kunnskap om vegleiing og leiing i friluftsliv
  • har kunnskap om friluftsliv som samfunnsfenomen før og no
Learning outcome skills

Studenten:

  • har ferdigheiter i å kunne ferdast trygt i ulike former for natur på kysten, i skogen og på fjellet under vekslande tilhøve med ansvar for grupper
  • kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
  • kan gjere greie for sentrale utviklingstrekk i friluftsliv og kan gjere greie for friluftsliv som kulturelt fenomen
  • kan identifisere og gjere greie for ulike former for landskapdanning, dyre- og planteliv i ulike typar natur
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifisert fagleg skjønn
  • har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
  • kan anvende kunnskap og ferdigheiter for å sjølvstendig kunne reflektere over og fungere som ein ansvarleg leiar i friluftslivsfaget
Working and learning activities

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar, eigenferder og digital undervisning. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver kan bli lagt inn.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

 

Arbeidskrav:

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

  • Studenten skal utarbeide ein eigenutviklingsplan som tek utgangspunkt i personlege læringsmål. Eigenutviklingsplanen skal leverast til fastsett tid i semesterplanen.
  • Gjennomført læringsløype i akademisk skriving.
  • Godkjent oppgåve på 800 ord knytt til kystfriluftsliv.
  • Godkjent presentasjon av observasjonspraksis i samband med praksisseminar/ friluftslivsvegleiing. Studenten må også levere eit kort notat med refleksjonar frå praksis på førehand av praksisseminaret.
  • Godkjent etterarbeid etter åleinetur.
  • Godkjent gruppevis presentasjon av eigentur skal leggjast fram i plenum.
Evaluation system
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Kalle Kristian Pulli
Expenses

400

Used in other programs
  • Outdoor Life - year course
  • Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Skog og hei. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Skog og hei
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Fjell og brelandskap. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Fjell og brelandskap
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Fjord og fjøre. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Fjord og fjøre
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Kyst. Ferdigheiter og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. 100% obligatorisk frammøte.
Kyst
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Unni Hagen