Semesters

IKF203 Metode

Course code: 
IKF203
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

IKF101 Treningslære og IKF102 Idrett og samfunn, eller IKF106 Friluftsliv 1

Course content

Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.

Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til samfunnsvitskap.

Emnet skal formidle forståing for samfunnsvitskapelege forskingsmetodar. Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar om samfunnsvitskapelege omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.

Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om forhold som operasjonalisering, reliabilitet, og validitet. De vil også få kunnskapar om ulike typar ikkje-eksperimentelle og eksperimentelle design.

Emnet inngår i bachelor i idrett og kroppsøving og bachelor i friluftsliv og naturguide. Emnet kan også takast av andre studentar ved HVO.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten 

  • har kjennskap til kva som meinast med litteratursøk, hypotese/problemstilling, operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet
  • kjenner til ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasusstudiar, arkivstudiar, surveymetodar, feltmetodikk og intervju)
  • kjenner til demarkasjonsproblemet (kva er vitskap?) med særleg blikk på falsifikasjonsprinsippet, operasjonalisme og essensialisme
  • kan gjere greie for problema med ulike forskingsmetodar, årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet og omgrepet «sannsynleg»
  • kan gje døme på kvalitative forskingsmetodar
Learning outcome skills

Studenten 

  • kan gjere greie for kjenneteikn ved vitskapeleg litteratur
  • kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er.
  • kan gje ei generell oversikt over etiske dilemma ved forsking.
  • kan greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design.
  • kan gjere greie for forholdet mellom eit utval og ein populasjon
  • kan greie ut om kva som kjenneteiknar vitskapeleg metode (demarkasjonsproblemet, falsifikasjonsprinsippet).
  • kan diskutere fordelar og ulemper ved kasusstudiar, testar og eksperiment (årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet, generaliseringsproblemet).
  • kan peike på føremoner og ulemper ved kvalitative metodar
Learning outcome qualification

Studenten 

  • kan gjere greie for grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar
  • kan gjere greie for grunnleggande trekk ved kvantitativ forskning
  • kan peike på grunntrekk ved kvalitativ forsking
  • kan skrive eit vitskapeleg arbeid knytt til avgrensa problemstilling
Working and learning activities

Førelesingar, rettleiing, seminar og eigenarbeid.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking.

Arbeidskrav:

  1. Gjennomføring av ein Multiple Choice test i Canvas.
  2. Aktiv deltaking på seminar (sjå fastsett tid for seminaret i arbeidsplanen)
  3. Gjennomføring av to rettleiingar knytt til oppgåva
Evaluation system
Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
80
Person in charge: 
Ingeborg Berg Skogen
Used in other programs
  • Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
  • Physical Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Sjå sensorrettleiiing
Tillatte hjelpemiddel: Alle
Innlevert tekst på omlag 1500 ord (pluss litteraturliste). Eksamensarbeidet kan vere: 1) Ein pilotstudie (datainnsamling) med bruk av kvantitativ eller kvalitativ metode, eller 2) ein litteraturreview (litteraturgjennomgang) over eit tenkt forskingsområde for ei bacheloroppgåve. Vurderingskriterier: operasjonalisere problemstilling, utføre relevante og gode litteratursøk, akademisk skriving, vise god forståing for forskingsfeltet og drøfte reliabilitet og validitet ved ulike metodiske tilnærmingar.
Approval signature: 
Unni Hagen