Semesters
IKF203 Metode
IKF101 Treningslære og IKF102 Idrett og samfunn, eller IKF106 Friluftsliv 1
Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.
Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til samfunnsvitskap.
Emnet skal formidle forståing for samfunnsvitskapelege forskingsmetodar. Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar om samfunnsvitskapelege omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.
Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om forhold som operasjonalisering, reliabilitet, og validitet. De vil også få kunnskapar om ulike typar ikkje-eksperimentelle og eksperimentelle design.
Emnet inngår i bachelor i idrett og kroppsøving og bachelor i friluftsliv og naturguide. Emnet kan også takast av andre studentar ved HVO.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kjennskap til kva som meinast med litteratursøk, hypotese/problemstilling, operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet
- kjenner til ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasusstudiar, arkivstudiar, surveymetodar, feltmetodikk og intervju)
- kjenner til demarkasjonsproblemet (kva er vitskap?) med særleg blikk på falsifikasjonsprinsippet, operasjonalisme og essensialisme
- kan gjere greie for problema med ulike forskingsmetodar, årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet og omgrepet «sannsynleg»
- kan gje døme på kvalitative forskingsmetodar
Studenten
- kan gjere greie for kjenneteikn ved vitskapeleg litteratur
- kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er.
- kan gje ei generell oversikt over etiske dilemma ved forsking.
- kan greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design.
- kan gjere greie for forholdet mellom eit utval og ein populasjon
- kan greie ut om kva som kjenneteiknar vitskapeleg metode (demarkasjonsproblemet, falsifikasjonsprinsippet).
- kan diskutere fordelar og ulemper ved kasusstudiar, testar og eksperiment (årsaksomgrepet, korrelasjonsomgrepet, generaliseringsproblemet).
- kan peike på føremoner og ulemper ved kvalitative metodar
Studenten
- kan gjere greie for grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar
- kan gjere greie for grunnleggande trekk ved kvantitativ forskning
- kan peike på grunntrekk ved kvalitativ forsking
- kan skrive eit vitskapeleg arbeid knytt til avgrensa problemstilling
Førelesingar, rettleiing, seminar og eigenarbeid.
Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking.
Arbeidskrav:
- Gjennomføring av ein Multiple Choice test i Canvas.
- Aktiv deltaking på seminar (sjå fastsett tid for seminaret i arbeidsplanen)
- Gjennomføring av to rettleiingar knytt til oppgåva
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
- Physical Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Sjå sensorrettleiiing | Tillatte hjelpemiddel: Alle | Innlevert tekst på omlag 1500 ord (pluss litteraturliste). Eksamensarbeidet kan vere: 1) Ein pilotstudie (datainnsamling) med bruk av kvantitativ eller kvalitativ metode, eller 2) ein litteraturreview (litteraturgjennomgang) over eit tenkt forskingsområde for ei bacheloroppgåve. Vurderingskriterier: operasjonalisere problemstilling, utføre relevante og gode litteratursøk, akademisk skriving, vise god forståing for forskingsfeltet og drøfte reliabilitet og validitet ved ulike metodiske tilnærmingar. |