Semesters
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
INF212 PR og kommunikasjon 4: Kommunikasjonsteori med prosjektpraksis
Eller tilsvarande 60 stp.
Emnet er sett saman av ein teoretisk og ein praktisk del. Det byggjer på INF121, INF122 og INF211, dvs. PR og kommunikasjon 1, 2 og 3, og tek sikte på å vidareutvikle studenten si/sin teoretiske faginnsikt, kritiske og analytiske refleksjon. Den teoretiske delen inneheld ei utdjuping av problemstillingar og debattar som har lagt grunnlaget for PR- og kommunikasjonsfaget si utvikling. Den praktiske delen av kurset består av prosjektarbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal etter fullført emne ha kunnskap om:
- bakgrunnen for dei teoriar og konsept som har vore, og stadig er, under utvikling innanfor PR- og kommunikasjonsfaget
- kommunikasjonsfaglege teoriar i kampanjeplanlegging og -evaluering
- kan planlegge større kommunikasjonstiltak og grunngi val av metode og utforming av desse med utgangspunkt i teori og erfaring frå eigne øvingar
Kandidaten skal etter fullført kurs kunne:
- planlegge og gjennomføre større kommunikasjonstiltak både eksternt og internt i organisasjonen
- gjennomføre og presentere prosjekt på oppdrag frå eksterne eller interne oppdragsgjevarar
- planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon for ei forsamling
Emnet er eit praktisk prosjektemne som gjer kandidatane i stand til å gjennomføre reelle kommunikasjonsprosjekt.
Forelesingar, seminar, gruppearbeid, prosjektarbeid, skriftlege og praktiske oppgåver. Det er obligatorisk deltaking i dei praktiske kursa og prosjektarbeidet. Nærare oversikt vert gjeve i arbeidsplanen.
Det er to arbeidskrav:
Godkjent deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet. Praktiske oppgåver skal være dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg. Nærare omtale av dette (fristar, form, omfang) vert gjevne i arbeidsplanen.
- Studentane skal levere evaluering av emnet
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Individuell rapport | Nærare omtale av dette (fristar, form, omfang) vert gjevne i arbeidsplanen og eigen mal. | |
Presentasjon | Group | Pass / fail |