Semesters

IPA112 Forvaltningskunnskap

Course code: 
IPA112
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet Forvaltningskunnskap (IPA112) gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, statsvitskap, organisasjonsteori og juss. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsstyring i ein lokal og regional kontekst med vekt på viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema retta mot:

  • politikk
  • makt og demokrati 
  • offentleg forvaltning og velferdsproduksjon
  • kommunen som samfunn og organisasjon 
  • organisasjonsteori 
  • innføring i rettssystemet og juridisk metode
  • samfunnsplanlegging og regional utvikling 

Emnet er, saman med Samfunnskunnskap (IPA111), obligatorisk på første året i Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og samfunnsvitskapleg metode vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om, og forståing av, organisering av og funksjonar knytt til sentrale politiske og administrative institusjonar viktige politiske og forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar knytt til regional planlegging og samfunnsstyring viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking.

Learning outcome skills

Studenten kan gjere greie for sentrale element ved norsk politikk og forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til berekraftig samfunnsutvikling og kunne reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep. Studenten kan også gjere bruk av desse ferdigheitene på ein kritisk måte.

Learning outcome qualification

Studenten kan formidle samfunnsvitskapleg kunnskap om norsk politikk og forvaltning og vere i stand til å kunne drøfte sentrale aspekt ved dette i ein fagleg samanheng. Studenten kan også vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ.

Working and learning activities

Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.

Assessment requirements

Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen

1. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.

2. Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80% frammøte til den undervisninga som står på planen, kvart semester. Undervisninga i haust- og vårsemesteret blir rekna kvar for seg. Gjennomføring av dei to pensumprøvene er lagt til slutten av kvart semester.

3. Gjennomføre eit større, tverrfagleg prosjektarbeid i form av ei lokalsamfunnsanalyse (gruppearbeid).

4. Kvar student skal utarbeide eit individuelt refleksjonsnotat (ca 800 ord) innan ei veke etter lokalsamfunnsanalysen.

Evaluation

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
55
Person in charge: 
Kolbein Halkjelsvik
Used in other programs
  • Planning and administration - bachelor
  • Social Science - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Digital eksamen. Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Digital eksamen. Tverrfagleg skriftleg eksamen i vårsemesteret
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
20
Digital eksamen. Skriftleg eksamen i vårsemesteret
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 09.02.17