Semesters
IPA115 Kommunal økonomi
Ingen
Emnet kan takast som valfritt emne for studentar som skal ta bachelor i planlegging og administrasjon. Opplegget passar bra for leiarar, tilsette, folkevalde, journalistar og andre som ynskjer kompetanse og innsikt på dette saksfeltet. Emnet er retta mot å få kunnskap om dei prosessuelle sidene, meir enn dei tekniske sidene ved rekneskap, økonomiplan og budsjett.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Emnet gir kunnskap om
- intern økonomisk styring av kommunar
- styring og styringsreiskapar
- regelverk, rammevilkår og rutinar
- økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar
Studenten kan analysere og forstå kommunaløkonomiske tema, reflektere fagleg kring sentrale omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte.
Studenten kan bruke kunnskap om kommunal økonomi og vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng. Studenten kan vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar.
- Undervisning etter avtale med faglærar.
- Nettleksjonar.
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav.
- Diskusjonsforum på nettet.
Det elektroniske klasserommet Fronter vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet startar med ei innføring i bruken av Fronter.
Ei heimeoppgåve (inntil 5000 ord) med tema og problemstilling gitt av faglærar. Det blir gjeve rettleiing på oppgåva. Arbeidskravet må vere vurdert til å ha innhald som er godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetsikringssystem
- Planning and administration - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Maks. 5000 ord. |
Innlevering skjer elektronisk gjennom Fronter.