Semesters

IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode

Course code: 
IPA172
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Godkjente arbeidskrav i IPA 111 Samfunnskunnskap og IPA 112 Forvaltingskunnskap.

Course content

Emnet er todelt. Første del gir ein introduksjon til vitskapsteori, og handsamar sentrale grunnlagsproblem i tileigninga av kunnskap som positivisme, årsaksforklaringar, rasjonalitet, hermeneutikk, falsifisering og paradigmeskifte. Andre del gir ein systematisk gjennomgang av vitskaplege arbeidsmåtar og samfunnsvitskapleg metode. Det vert innføring i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis, med vekt på å kunne tolke, forstå og vurdere vitskaplege undersøkingar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om og forståing av:

  • dei sentrale vitskapsteoretiske spørsmåla, og korleis kunnskap vert skap og brukt i samfunnet

  • fasane i den samfunnsvitskaplege forskingsprosessen, frå utvikling av problemstillingar til drøfting og presentasjon av funn

  • ulike kvalitative og kvantitative metodar som dokumentanalyse, intervju, feltarbeid, survey og registerdata

  • grunnleggande prinsipp for å tolke og vurdere resultata frå undersøkingar

Learning outcome skills

Studenten skal ha ferdigheiter til å:

  • reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar i arbeidet med vitskapleg aktivitet

  • gjennomføre mindre datainnsamlingar av empirisk materiale, både kvalitative og kvantitative data

  • tolke, forstå og vurdere resultat frå kvalitative og kvantitative undersøkingar

  • presentere resultat frå eigne undersøkingar

Learning outcome qualification

Studenten skal:

  • kunne reflektere rundt kva som er «sann kunnskap»

  • kunne reflektere rundt etiske og praktiske spørsmål som gjeld innsamling og bruk av data

  • kunne diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar

Working and learning activities

Undervisninga går i haustsemesteret, og vil vere sett saman av førelesingar, praktiske arbeidsoppgåver i metode som skal løysast individuelt og i grupper, gruppediskusjonar, individuell oppgåveskriving og presentasjon av oppgåver i plenum. Det vert gjeve tilbod om rettleiing i samband med arbeidsoppgåver og oppgåveskriving.

Assessment requirements

Emnet har to arbeidskrav:

1) Levere ei rekkje med arbeidsoppgåver, gruppeoppgåver og presentasjonar gjennom semesteret. 

2) Levere ei større oppgåve på 3000 ord med tildelt tematikk, eller ha minimum 80% frammøte til undervisninga. 

 

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
12
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Bjarte Folkestad
Used in other programs
  • Planning and administration - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19